Ingressfoto: Tenet har premiere på Surnadal kino fredag.

Surnadal kino melder:

Endeleg ferskvare igjen!

Etter ein sommar dominert av filmtørke, om ser bort ein fyrrig Knerten, kjem det endeleg fleire nye filmar på Surnadal kino denne helga.

Ein kan bli i fyr og flamme av mindre! Og om ein blir det, er det godt å vite at Brannmann Sam står klar om det vil utarte seg. «Brannmann Sam klar for opptak!» vil gå til barnevenleg tid framover; kl. 1800 fredag, søndag og onsdag (som er dei tre dagane det blir vist film resten av sommaren).

Hollywood-regissør Don Sledgehammer ser ei stor stjerne i Sam og vil ha han med i sin neste film. Medskuespelar Flex Dexter er ikkje overvettes begeistra og vil sørge for at det ikkje gnistrar av spelet til brannmannen.

Gnistrar brukar det å gjera av filmane til Christopher Nolan. Forutan den mest moderne Batman-triologien, er han m.a. kjent for filmar som «Interstellar», «Inception» og «Dunkirk». Premierefilmen «Tenet» (aldersgrense 12 år) er også omtala av di noko av handlinga er lagt til Oslo.

Dei fleste kritikarane landa på fem på terningen. Men fleire, også av desse, var ikkje sikker på om dei hang med i riktig alle svingane, som Stavanger Aftenblad: «Ahh, så herleg å sjå ein skikkeleg hollywoodsk blockbusterfilm på stort lerret igjen! «Tenet» er full av både action og forvirring. Det er så godt som umogleg å forklara nøyaktig kva filmen handlar om.» 

Og om det er umuleg, skal heller ikkje vi forsøke. Vil du prøve deg, kan du sjå filmen frå fredag 28. august på Surnadal kino.

Billettar kan kjøpast på nett og automat. Av smittvernomsyn vil det ikkje bli selt billettar «manuelt», og det er av same grunn berre sett av plass til 30 på kvar framsyning. Du finn kinoprogrammet framover her:

https://surnadal-kulturhus.no/program/#kino

Tenet 1
Bilete frå Christopher Nolan-filmen
Brannmann Sam 1
Brannmann Sam
Brannmann Sam 2
Brannmann Sam