knøttelaget 2012_1024x683

Endeleg nye fotballdrakter!

Ungane på Bøfjord/Bæverfjord har fått seg nye fotballdrakter! Det er sponsoren Halsa og Tingvoll Gjensidige Brannkannkasse som har opna lommeboka og spandert nye drakter på både knøtte- 10- og 12-årslag. Torsdag var Mona Rønning frå Gjensidige til stades på trening ved Bæverfjord oppvekstsenter for å dele ut draktene til barna.

Dette må da vel vera Norges mest sjarmerande fotballag? Ekstra fine i nye fotballdrakter frå Halsa og Tingvoll Gjensidige Brannkasse! Alle foto: Norunn Holten

Det har i løpet av åra vore vitsa litt med dei gule og grøne draktene Bøfjord/Bæverfjord fotball har hatt. Sjølv om fargene var ei vidareføring av fargene som tidlegare var bruka i samarbeidslaga Bøfjord og Bæverfjord, likna resultatet dessverre litt for mykje på kjente "Tufte"...... Både store og små har derfor sett fram til å få nye drakter og nye fargar. No er tida komen! På fotballtreninga torsdag kveld dukka Mona Rønning frå Halsa og Tingvoll Gjensidige Brannkasse opp med ein bag full av nye drakter. Ungane var lette å be både om å stille seg i kø for å få drakta si, og å prøve den på. Dessutan høyerer fotografering med slik rett før sesongstart! Fargane på draktene vart sjølvsagt også godt motteke. Dette likna jo på laget mange av ungane heiar på........

Endeleg nye fotballdrakter! Her er ungar både frå knøtte- og 10-årslaghet samla.

 

 

 

 

 

 

Til venstre: Mona Rønning med tre fornøgde jenter i ny drakt.