Header

Botnlaga møttes:

Endeleg seier

Heimelaget Surnadal/Søya/Todalen, tok imot Byåsen 2 på Syltøran Stadion sundag. Begge lag slit i botn av kvinnenes 2. divisjon, og det var derfor svært viktig å vinne denne kampen for ikkje å bli hekta heilt av. Vann gjorde heimelaget. Til gangs.

Fint vèr og ganske så mange tilskodarar lagde ei fin ramme rundt kampen og allereie etter åtte minutts spel kunne heimelaget sleppe jublelen laus. Ragnhild Smevoll skrudde ein corner rett i mål! 1 - 0! Og heimelaget hadde meir å gje; berre ti minuttar seinare sit ballen i nota på ny. Denne gongen er det Mari Gjul som driv gjennom Byåsenforsvaret og set ballen kontant i mål! Fin prestasjon og 2- 0! Byåsen hang likevel godt med spelemessig, men heimelaget var nådelause, for i det 26. minutt satt kula i nota for tredje gong. Denne gongen ved Thea Holten. Ho sprang frå alt og alle og plasserte ballen enkelt  bak Byåsens burvoktar. 3 - 0! Fleire mål vart det ikkje i første omgang. Surnadal/Søya/Todalen var svært effektive, då dei scora på tre av fire målsjansar, medan Byåsen ikkje hadde skot på mål.

Andre omgangen starta med eit viss press frå Byåsen, uten at det gav det heilt store resultatet. Men heimelaget var svært farlege frampå på kontringane dei fekk og i det 67. minutt, fekk Thea Holten nok eingong springa rett igjennom. Ho gjorde ingen feil og sette ballen utagbart til sides for keeperen til Byåsen. 4- 0! Holten hadde fleire gode sjanser og skapte stadig trøbbel for bortelagets forsvar. Holten, saman med Ragnhild Snekvik var etter Trollheimsportens meining heimelagets beste spelarar denne kampen.

Fleir mål blei det ikkje, og sjølv om det ikkje var noko velspelt kamp, så enda det med tre særs viktige poeng til heimelaget!

Trenar Henne Aasbø var glad for seieren, men var svært kritisk til måten Byåsen2 brukar spelarane sine frå kamp til kamp. - Eg er svært kritisk til andrelag. Dei skiftar ut nesten heile troppen frå kamp til kamp! Somme gonger kan det vere berre 2-3 spelarar som er att frå sist dei spelte kamp og nokre gonger er det så vidt dei klarar å få til lag, seier han. Han var likevel fornøgd med seieren,og presiserar at hans jobb er å utvikle spelarar både på trening og kamp, og spelarane er motiverte og treningane er svært gode. - Og da er er det da sjølvsagt tilfredsstillande når det blir seier, avsluttar han.

Surnadal/Søya/Todalen - Byåsen 2   4 - 0 (3 - 0)

Surnadals lag (mål i parantes): Kristne Mikkelsen, Marte Nes, Anne Biret Holmestrand, Lone Kvande Brøske, Ragnhild Snekvik, Ane Mogstad(Kaptein), Ragnhild Smevoll(1), Gro J. Gjørsvik, Thea Holten (2), Mari Gjul (1), Marte Ness. Innbyttarar: Ida Ranes,  Andrea Nausetbakk, Elise Einum

innlegg.JPG
Marte Nes legg inn.


kjemping.JPG
Mari Gjul i duell

Mari Gjul.JPG

Ragnhild.JPG
Ragnhild Snekvik spelte ein god kamp

Thea scorer.JPG
Her set Thea Holten inn sitt andre mål for dagen...

Thea gratuleres.JPG
...og bli gratulert av resten av laget.