
Endra samarbeidsavtale
Ordførar og rådmann i Surnadal forhandla onsdag 09.03 fram ein samarbeidsavtale med Vårsøg Hotell, der det vart bestemt at Vårsøg Hotell skal overta meir av oppgavene som kommunen har hatt i tidlegare i forbindelse med kulturaktivitetar.
Den nye avtalen skal bere preg av eit fortsatt tett samarbeid mellom kommunen og hotellet, og formannskapet vil tilrå at det blir oppretta eit programråd der også kommunen er representert. Programrådet skal diskutere seg fram til gode løysingar med val av artistar og eigenproduksjonar på kulturhuset.
Avtalen skal gjelde i perioden 1.4.10 – 31.12.11 og godkjennast av formannskapet. Dette blir altså ei prøveordning, og samarbeidet skal evaluerast før ein eventuelt vidarefører ordninga.


.png)

