energikampen 1_250x166

Innhaldsrik laurdag ettermiddag på "Laksen"

Energikamp, musefellebilar og laksekåring

Spennande Energikamp-finale, musefellebilkøyring der hundredelane avgjorde - og fiskekonkurranse der vinnaren var berre eit par hekto frå å sikre seg 60.000 kroner: Laurdag ettermiddag var innhaldsrik og underhaldande under Norsk Laksefestival på Skei. Sjå stor bildekavalkade her!

Den lokale Energikampen har blitt ein stor suksess, og for tredje gong vart det i år arrangert finale under Laksefestivalen. Gjennom Energikampen får både ungar og vaksne lære seg samanhengen mellom energi og miljø, og rundt om på skulane har det blitt gjennomført ulike øvingar - med kåring av ein vinnar på kvar skule.

Laurdag var det først kvalifiseringskamp mellom lag frå Surnadal, Rindal og Halsa, der det vart konkurrert i mellom anna kjempesprettert, kulelabyrint og kunnskapsquiz. Deretter møttes dei tre beste laga - som i år kom frå Mo, Øye og Bæverfjord - til finale. Etter ein jamn konkurranse, vart det til slutt klart at laget frå Øye gikk til topps. Laget besto av Hege Sivertsen, Lisbeth Sollid, Malin Tørset Brøske og Jonas Husby (bildet t.h.), og førstepremien er ein tur for heile klassen til Energisenteret på Hunderfossen.

Laget frå Bæverfjord vart nr. 2, og besto av Inga Husby Foss, Martinus Bævre Solli og Ole Kristian Solem. Mo-laget kom på tredjeplass, og besto av Sigrid Mo Bævre, Lilly Viktoria Mo Sandberg og Anna Naterstad Røv.

Finalen i musefellebilløpet vart også ganske så nervepirrande, og vinnarane Vebjørn Bergheim, Ingrid Bergheim og Rune Schei Bergheim sikra seg til slutt førsteplassen med seks hundredelar betre tid enn argaste konkurrent.

Etter at ingen klarte å lande laks på over fem kilo under fiskekonkurransen i fjor, var det i år jackpot og sjanse til å vinne 60.000 kroner som lokka dei 168 deltakarane. Men under årets konkurranse i Surna var det heller ingen som klarte å passere den magiske vektgrensa. Dermed har potten til neste år auka til 90.000 kroner, noko som truleg vil vere svært så godt "agn". Nærast i år var Gunnar Evensen frå Frei, med ein laks på 4,8 kilo.

- Hadde laksen ete ei salamipakke før du tok den, hadde du blitt kåra til laksekonge med eitt grams overvekt, sa ein smilande ordførar Mons Otnes under premieutdelinga.

Klikk på bilda under for større versjonar.

energikampen 4_1024x681
Vinnarlaget frå Øye var fullt konsentrert under kulelabyrinten.
energikampen 5_1024x681
Finalistane frå Mo i aksjon. Dei vart nr. 3 i finalen, og vann eit gåvekort på 1000 kroner frå Svorka Energi.
energikampen 6_1024x681
Ole Kristian Solem frå Bæverfjord siktar inn kjempespretterten.
musefellebil_1024x778
Vebjørn Bergheim og Rune Schei Bergheim vann den spennande musefellebil-finalen. Eit tredje blad Bergheim - Ingrid - var også med under kvalifiseringa.
musefellebil 2_1024x681
Stor stemning og hundredels-marginar prega årets musefellbilløp.
laksevinnar_1024x681
Ingen klarte å få laks på over fem kilo på kroken under årets fiskekonkurranse. Nærast var Gunnar Evensen frå Frei, med ein laks på 4,8 kilo.
konferansier_1024x836
Gunnar Aamodt Hansen er høgt og lågt under Norsk Laksefestival. I tillegg til å vere konferansier under heile festivalen, har han søndag også eige barneshow.
energikampen 3_1024x688
Dei tre finalelaga under Energikampen. T.v. Inga Husby Foss, Martinus Bævre Solli og Ole Kristian Solem frå Bæverfjord. I midten Malin Tørset Brøske, Lisbeth Sollid, Hege Sivertsen og Jonas Husby frå Øye. T.h. Anna Naterstad Røv, Sigrid Mo Bævre og Lilly Viktoria Mo Sandberg frå Mo.