Energiportal for deg
Kva for energi brukar du, - kva brukar du den til, - kor mykje, - og når brukar du den? Prøv den nye Energiportalen som Svorka og Svorkakommunane opna i dag!
Adm.direktør Halvard Fjeldvær, Svorka, ordførar Mons Otnes, Surnadal, varaordførar Ivar Betten, Halsa, ordførar Ola T. Heggem, Rindal og prosjektledar Einar Oterholm, Entelligens opna gratis energianalyseverkty for Svorkakommunene.
Idag, 25.september, opna ein gratis nettportal for seriøs energianalyse av boligen din i Halsa, Rindal og Surnadal kommunar.
Det er energianalyseselskapet Entelligens AS i Oslo som har utvikla Energiportalen som kan brukast av huseigarar til å analysere straumbruken i bustaden. Skulle ein konsulent gjort dette, ville det koste 10 – 15 000,- kroner.
Energianalysen er tilgjengeleg frå Svorkas heimesider, og vil bli tilgjengeleg frå kommunenes heimesider. (Halsa er klar).
Surnadal, Halsa og Rindal er først ute av kommunane her i fylket, men fleire er i kjømda, og Svorka er det første energiselskapet som er med.
Når du er inne i Energiportalen, skriv du inn gateadressa eller gards- og bruksnummer. Da kjem informasjon om bustaden din fram. Her kan du oppdatere opplysningane og legge inn ulike sparetiltak. Du ser straumforbruket ditt og innsparing etter kvar oppdatering. Her kan du be tenåringen i huset taste inn antal dusjer i veka og kor lenge han/ho dusjar. Kostnaden kjem fram straks....
Vi ser fort at ein god, lang, varm dusj kostar!
Svorkakommunane har utarbeidd energiplanar. No har dei ein reiskap som dei kan måle resultata med. Energiportalen kan brukast til måling av straumforbruk i den kommunale bygningsmassen også.
Einar Oterholm (Halsa), ledar for prosjektet hos Entelligens, utfordra dei tre ordførarane med spørsmål om kvifor dei vart med -
Alle tre var klare på at ein viktig grunn var eit ønske om å bevisstgjere folk på straumforbruket sitt på ein pedagogisk og konkret måte. No håper dei at innbyggarane vil bruke dette gratistilbodet.
Dei tykte også at det var flott at Svorka ville vere med på dette.
Gjennomfører vi analysen som Energiportalen gir, kjem vi til eit oversyn over lokale handtverkarar som kan tilby dei forbetringstiltaka du har vald.
Foreløpig er dessverre ikkje denne lista på plass, men Svorka vil ta ansvar for å komplettere denne for dei tre kommunane ut ifrå at dei har alle på kundelista si. Alle firma som meiner dei hører heime på lista kan gjerne vende seg til Svorka slik at dei blir med! Skriv til firmapost@svorka.no!