Valg 2019 - De sju listetoppene f

Engasjerte listetoppar møttest til debatt

Ein bortimot full Svorkasal fekk onsdag kveld høyre listetoppane i Surnadal argumentere for kvifor nettopp deira parti bør få folk si stemme 9. september.

Eit kjapt overblikk gav likevel inntrykk av at så godt som alle tilhøyrarane hadde bestemt seg for kven dei skulle stemme på før dei kom til debattlokalet. Då konferansier Svein Sæter spurte kor mange det er som ikkje har bestemt seg for kva dei skal stemme, og ingen i publikum rekte opp hendene.

Opplegget starta med appell fra fylkespolitikarane Tove Lise Torve (Ap), Bernt Venås (Sp) og Victoria Smenes (KrF), før dei lokale listetoppane kom opp.

Først ut var Ap sin ordførarkandidat, Annett Ranes. Ho brukte dei tre minutta sine på å trekkje fram saker ho meiner skiljer dei lokale partia frå kvarandre.

– Vi ønskjer å realisere utbygging av tomter i Buhagen vest. Tomter i dette området vil være eit godt folkehelse-, trafikktryggleik- og klimatiltak.

Ranes trakk og fram at Ap ønskjer å få på plass ein eldrevaktmester, og viktigheita av at politikarane lærer seg å seie litt meir nei, for å ta vare på kommuneøkonomien.

Ho sa og følgjande om utbygging på dyrkamark:

– Ap er ingen tilhengar av storstilt utbygging på dyrkamark, men vi må og vurdere og sje på dette lokalt, og ikkje berre ri prinsippa. Når vi i Surnadal har nydyrka over 1600- og omdisponert i underkant av 100 dekar dei siste 10 åra, så er det veldig positive tal for kommunen.

Deretter var det Mali Hildrun Settem frå Surnadal KrF sin tur på podiet.

– Eg tykkjer KrF har den beste familiepolitikken, der det er lagt vekt på valfriheit for den enkelte familie, når det gjeld omsorgsform for dei minste. Vi vil styrke familiane, ikkje styre dei. Ein god barndom varar heile livet.

Settem nevnte og at partiet ønskjer ein offensiv klimapolitikk og høg kvalitet ved skulane.

– Kommunen må framleis satse på ei god heimeteneste, men og satse på fleire sjukeheimsplassar. Vi må ha eit godt psykiatrisk helsetilbod, og behalde den gode ambulansetenesta vår. Vi må ha ny Øye skule, men det må ikkje føre til nedlegging av grendaskular.

Ole Stensby frå SV var nestemann opp.

– Vi har vore ute av kommunestyret i ein periode, men er klare for å kjempe oss inn att no. Vi vil gjere samfunnet i Surnadal varmare og meir solidarisk. Vi skal ikkje behandle eldre som varer, dei er folk, og vi skal ikkje legge dei ut på anbod, som om det var det same som å byggje ei bru. Det handlar om menneskeverd, og å sjå menneska.

– Eg stiller som ungdomskandidat, og vil jobbe for at det skal vere godt for ungdommar, og for så vidt for alle, å bu her, og for at Surnadal skal vere ein plass ungdommane våre vil flytte attende til.  

Tor Rune Halset frå Høgre slo fast at Surnadal Høgre ikkje er like opptekne av privatisering som Høgre sentralt.

– Vi vil ikkje sentralisere alle tenestene i Surnadal, vi vil ha mangfaldet og mulegheitene. Vi vil ikkje legge sjukeheimen under private drivarar i Surnadal, for vi har allereie eit godt tilbod både når det gjeld sjukeheim og skule her. Kommunen vår er god å leve i. Vi i Høgre ønskjer at vi skal vere ein «Ja»-kommune, samtidig som vi trur økonomisk berekraft er avgjerande for å sikre gode tenester. Og arbeidsplassar er den viktigaste føresetnaden for økonomisk berekraft, noko som betyr at næringspolitikk er bærebjelken i politikken vår framover, sa Halset, og heldt fram:

– Vi vil gå til val på ein god skule, med mange ressursar, der ungane og elevane blir sett. Vi tykkjer det er viktig å behalde barnehageopptaket, sikre PP-tenesta og å fokusere på ungt entreprenørskap. Når det gjeld Øye skule vil eg stille spørsmål om korleis handlingsrommet vårt framover blir dersom vi skal bruke 215 millionar på prosjektet – kanskje blir det Surnadal kommune sitt Nordøyveg-prosjekt?

Margrethe Svinvik frå Sp var neste på talarstolen:

– Det er viktig med gode, nære tenester. At ein har gode skular, eit lensmannskontor og gode offentlege tenester. Det er inga sjølvfølge å ha desse tenestene, som stadig er under eit stort press. Det vert gjerne snakka om at det vil styrke fagmiljøa å sentralisere og samle dei i større miljø, men eg trur at Surnadal er ei livskraftig bygd, som står seg godt som eigen kommune - på Nordmøre. Eg tykkjer ikkje vi bør bruke meir tid på å sjå til andre, sa Svinvik, og understreka at ho vil ha eit samfunn der det er plass til alle.

Nils Petter Tonning frå FrP trakk fram barnevern, fortgang i Todalsfjordprosjektet og betre marknadsføring av Surnadal som næringskommune, som viktige saker for partiet. I tillegg sa han følgjande:

– Åtte stengte sjukeheimsplassar på sjukeheimen er ikkje bra, for behovet er der. Vi vil åpne desse igjen. Vi ønskjer og ei streng innvandring, og dette er noko kommuneadministrasjonen må sjå på, for det er ikkje heilt bra no, trur eg.

– Når det gjeld ny skule har vi eigentleg ikkje råd, men vi må byggje. Vi kan ikkje vente lenger, for det blir ikkje billigare av det. Vi er og imot å byggje ny Øye skule saman med ungdomsskulen.

Eli Vullum Kvande frå MDG avslutta runden med åpningsinnlegg.

– Eg trur mange føler ei matkeslausheit når ein ser nyheiter frå skogbrannar i Amazonas, ras i Jølster og liknande. Vi i MDG er ein ansvarsgerilja, som skal kjempe for noko som er større enn oss sjølve, og for andre enn oss sjølve. Vi kjempar for folk sine barn og barnebarn, for framtida deira og for livsgrunnlaget. Samtidig ønskjer sjølvsagt vi og det beste for Surnadal.

– Eg er kampklar. Det å stille til val er mitt svar til ei regjering og ein rådmann som ikkje kuttar nok i klimautsleppa. I Surnadal har vi utslepp på 12,2 tonn CO2 per innbyggjar, i Oslo er talet berre 1,6. Dermed seier det seg sjølv at vi må kutte i distrikta, og at vi har ein lang veg å gå. Vi kan ikkje undervurdere oss sjølve, og fortsette som før.