Picasa

Engelen Gabrielle til Bøfjorden

Barnegruppa Amigos med gode hjelparar viser forestillinga om den vesle engelen Gabrielle i Bøfjorden grendahus laurdag 14. desember kl. 18, og ønskjer i den forbindelse store og små hjarteleg velkomne til ei triveleg førjulsstund. Les meir!


Amigos lovar ei koseleg og stemningsfull framsyning. Nærare 20 ungar frå 5 til 12 år er med, og i tillegg til Gabrielle møter vi ein heil englefamilie, gjetarar, sauer og ikkje minst Josef, Maria og Jesusbarnet. Attåt er forteljar, band, lyd/lysfolk, kostyme- og scenemannskap godt i gang med førebuingar til musikalen. 
 

Det er muleg å reservere billettar på førehand, ved å sende sms med namn på bestillar og antal plassar ein ønskjer til tlf.: 94 26 35 14 (Gry Norshusstuen).


Amigos.jpg