Løypemannskap Helgetunmarka-001  Foto Lars Helgetun

«Engler i sneen»

Skibygda Rindal byr sjølvsagt på oppkjørte skiløyper, og de er det for det meste dugnadsfolk som tar seg av prepareringa av. Slikt blir det både helte- og englestatus av. Fire områder har organisert kjøring med løypemaskin og GPS-sporing på loyper.net, og i like mange områder blir det kjørt med skuter og sporlegger.

Bildet øverst: Jan og Stig Nergård ved løypemaskina i Helgetunmarka.

Rørvatnet Vel

Håvard Nordli i løypemaskina Foto Rørvatnet Vel_690x518.jpg

- Te e det gauast e gjerre, seier Håvar Norli (over), som kjører og er ansvarleg for løypemaskina til Rørvatnet Vel med utgangspunkt i Haugen gard på Rindalsskogen. Hovudmålet er Garbergsfjellet, og løype kjøres sjølvsagt også fra Rørvatnet. Det kjøres også løype videre fra Garbergsfjellet til Storås i Orkland.

- Full runde heilt til Storås og tilbake tek opp til 3 timar, fortel Norli, så det er bra at han likar oppdraget, medan ein tur opp på Garbergsfjellet går på ein times tid.

Rørvatnet Vel 2020-04-05 (3).jpg
Garbergsfjellet er eit fint turmål, 604 moh, og rett over grensa til Orkland kommune. Det er passe bratt både oppover og nedover! På toppen står det ei hytte som alltid er open for turfolk, sommar og vinter. Rørvatnet Vel har vedlikehaldet på den.


Den maskina han kjører no er fjerde maskina til Rørvatnet Vel, og hittil har dei seld maskinene for meir enn kjøpesummen. Det tyder på godt vedlikehald, som Norli deler med fleire på Rindalskogen.

- Skal eg ta av eit belte, så er det 740 skruvar som må opp. Da tek eg ein telefon eller to, så er det hjelp på plass, seier Håvard Norli.

Håvard Nordli i løypemaskina Foto Rørvatnet Vel_690x518.jpg

Siste løypemaskina vart kjøpt frå Glomfjord og plassert i redskapshuset på Haugen gard. Der vart heile maskina pussa ned og lakka opp att slik at den skin som ny!

Tørsetmarka

Løypemannskap mars 2011_715x536_690x517.jpg
Løypemaskinførar John Rognskog i lag med fornøgde og ivrige turfolk, Oddvar "Sing" Løset og Per Skjølsvold.

I Tørsetmarka er det mange hytter, og bomveg heilt opp gjer at det har vorte eit attraktivt turområde. Her er det John Rognskog som kjører opp løyper innover mot Finnråa og mot Bjørnåssetra i regi av Tørsåsen Vel. Fint utgangspunkt for tur til Skåkleiva (786 moh). Her følger du også løypekjøringa på loyper.net.

Tørsåsløa 22.03.15 IMGP9291_690x378.jpg
Straks innom parkeringa finn vi Tørsåsløa (400 moh), som var ei gammal løe som utvikla seg til eit samlingspunkt. No er det ei ny, fin hytte som Rindal IL eig. Sjølvsagt er det ein dugnadsgjeng som held den i stand. Den er alltid open, og sommarstid er det universelt utforma grusveg dit.

Tørsetmarka Ingrid Rognskog 250220_690x375.jpg
Tørsetmarka Foto: Ingrid Rognskog

Oversikt 2020-04-05 (1).jpg
Oversikt over løypenettet i Tørsetmarka, Sentrum/Furuhaugmarka og Rindalsskogen frå loyper.net.

Rindal sentrum - Furuhaugmarka - Skogsletta

Ved Rindal sentrum finn vi Igltjønna skistadion som er Rindal ILs sentralanlegg. Det er det lysløype rundt Igltjønna og i nærområdet. Frå skistadion blir det kjørt spor med skuter innover Åsan, heilt til Stokkvatnet (10 km) når forholda er gode.

Grønlifeltet - Furuhaugmarka 2020-04-05 (2).jpg
Frå Skistadion kjører løypemaskina til Grønlifeltet og Furuhaugmarka og ned til Skogsletta (11 km) og lysløypa der. Det er Rindal Anleggsdrift som har ansvaret for drifta av denne maskina. Tore Mogset har vore førar og anvarleg for maskina i fleire år. No har han hjelp av Svein Storholt, Bjørn Vegar Svinsås og Lars Langli.

Bjørn Vegar Svinsås 2020-03-14 12.44.08_690x388.jpg
Bjørn Vegar Svinsås ved løypemaskina like ved Rindal Skimuseum.

Saman set dei opp ein turnus på ei veke kvar. Ein full runde med alle avstikkarar tek 5 – 6 timar. Løypene rundt skistadion og Igltjønna ten 1,5 – 2 timar.
Lars Langli og Ola Langli jr i løypemaskina Foto Jon Langli_690x796.jpg
Lars Langli deltek i denne kjøringa på dugnadsbasis, fordi han tykkjer det er ein grei måte å bidra litt bygdesamfunnet. Her har han besøk av Ola Langli jr. i førarhuset

- Eg tykkjer det er gøttj å sjå at det fér folk etter løypa, seier Lars Langli. Det er mange tommeltottar i veret for han ute i løypene.

Nyoppkjørt løype 2020-03-14 12.57.16_690x460.jpg
Første par ute i nyoppkjørt løype!

Helgetunmarka

Løypekjøring Helgetunmarka 4.4.20_690x376.jpg

I Helgetunmarka er det Helgetunmarka Grunneierlag som står bak løypekjøringa, og dei betjener eit stort løypenett med utgangspunkt frå parkeringsplassen på Skavlia (bomveg).

Stig Nergård og Magne Svinsås i løypemaskina 21.02.19_690x388.jpg
Løypeheltane, eller englene i Helgetunmark-snøen, Magne Svinsås og Stig Nergård.

I Helgetunmarka finn vi det største hytteområdet i Rindal. Der har også opplevingsbedrifta iTrollheimen base, ved Langvatnet. Her kjøres det ca 30 km løypenett. Det er Stig Nergård og Magne Svinsås som kjører tråkkemaskina. Lars Helgetun, Anton Holtan og Ola O Romundstad byter på å kjøre der ein ikkje kan bruke tråkkemaskina.

Helgetunmarka 2020-04-05.jpg
Gapahuken v Langvatnet 2015-01-20 13.49.02_690x518.jpg
Eit kort mål her er gapahuken (over) ved Langvatnet (2 km), og eit lengre mål er Helgetunsetra (8 km), lenst sør på kartet ovafor.

Skuterløyper med sporleggar

I tillgegg til desse hovudområda, kan du på fana "Løypenett" på Trollheimsporten følge med fleire som kjører skuter med sporleggar rundt i bygda.
Innover Fossdalen blir det kjørt spor fra parkeringaplassen i Møkkelgårdgrenda.
Frå Hafella (parkering) i Løfald blir det kjørt spor innover mot Storfjellet.
Frå Langlia/Seterlia blir det kjørt spor til Bolmsetrene.
Frå Bjønnsleet ved Folldalsvegen blir det kjørt spor til Bolmsetrene.
Desse har ikkje GPS.

Tilsaman er det ein bra englehær som sørger for at vi har eit framifrå flott og variert løypenett rundt i Rindalsnaturen.

Bjørn Vegar Svinsås og Maren Moholdt 2020-03-14 12.51.50_690x388.jpg
Maren Moholdt er  ei av dei mange som er strålande fornøgd med nyoppkjørt løype!

Utsikt frå løypemaskina Foto Lars Langli_690x927.jpg
Utsikt frå løypemaskina. Foto: Lars Langli.

Løypemaskinføraren ser at løypa er fin i speilet Foto Vibeke Langli.jpg

Tid til å leve 2020-02-25 14.12.17_690x461.jpg

Hugs: - Tid til å leve!