erkki trollheimsporten crop 2

Erkki imponerer med sterk debut-EP

Under artistnamnet Erkki gav Nordmøre Folkehøgskule-lærar Erkki Morten Klami fredag ut EP-en «Event horizon». Med fem dynamiske, gjennomførte låtar viser Gone Rogue-gitaristen at han held høgt nivå, både som låtskrivar og soloartist.

Ingressfoto: Erkki Morten Klami (Foto: Privat).
 

Frå og med fredag kan alle som abonnerer på musikkstrømmetenester, som Spotify, Tidal, iTunes eller liknande, høyre Erkki sin første solo-EP, «Event horizon».

Hovudpersonen sjølv fortel at han skreiv den første av dei fem låtene allereie for fem-seks år sidan, medan resten har vorte til dei siste par åra.

– Det siste halvanna året har eg jobba mykje for å få EP’en ferdig og få musikken ut, seier Erkki Morten Klami.

32-åringen frå Isfjorden bur i Surnadal, og er til dagleg lærar ved E-sport-linja ved Nordmøre Folkehøgskule (NoFo). Det har vore arbeidsplassen hans dei siste fem åra.

Saman med NoFo-kollega Raymond Grøvdal Hansen, som bur i Rindal, starta han i 2003 bandet Gone Rogue, som dei to framleis spelar i. Med sin melodiske hardrock gjorde dei seg bemerka med albumet «Resolve» i fjor, og har mellom anna vorte spelt på australsk radio og stått på scena under Raumarock.

Den siste tida er det Erkki Morten Klami som har laga musikken i Gone Rogue, og når han no for første gong gjev ut musikk på eiga hand, kan ein nok spore likheiter, trur han.

– Ja, folk som kjenner Gone Rogue godt kan nok høyre at det er noko likt. Men denne EP-en er meir dynamisk, eg har turt å ta det litt meir ned enn det vi gjer i bandet. I tillegg er nok arrangementa på «Event horizon» litt lenger, og byggjer seg opp meir, seier han.

Erkki, som tidlegare i år vart valt inn i styret i Surnadal Konseptutvikling (SKUV), fortel at han har henta mykje inspirasjon frå den svenske progrock-gruppa Pain of Salvation og australske Carnivol.

– Eg har lært veldig mykje av dei, og spesielt av Pain of Salvation. Det viktigaste er kanskje det å lage progressiv musikk, uten å miste sjela i musikken, seier han, og trekkjer fram norske Emilie Nicolas som ei anna kjelde til inspirasjon.

I og med at Pain of Salvation har påverka Erkki si låtskriving, var det stas for han å få med seg trommeslagaren deira, Léo Margarit, på ei av låtene på «Event horizon».

– Han er snytgod, så det var verkeleg artig, gliser Erkki.

Lokale krefter har og bidrege til å få ferdig 32-åringen sin debut-EP. Den lokale kunstnaren Siri Skjerve har laga coverbiletet til EP-en, medan Ola Langli frå DreamFarm står for miksinga.

Med unntak av at han hadde med seg ein sør-koreansk studiekamerat på piano på ei låt, er det Erkki sjølv som har spelt inn alle instrument i studioet sitt heime. All vokal er spelt inn hos DreamFarm.
 

– Må vere ei spenning der

Eksil-romsdalingen Klami si soloerfaring har tidlegare stort sett bestått av litt trubadur-speling og sang akkompagnert av kassegitar.

– Eg har aldri sett på meg sjølv som ein stor vokalist, så eg var nervøs og skeptisk til å skulle synge på heile EP-en. Eg var rett og slett usikker på om eg kom til å klarte å gjere det godt nok.

Med resultatet i handa går Erkki så langt som å innrømme at det kanskje vart «greitt nok», sjølv om han framleis høyrer mykje han ville gjort annleis.

– Om det er åleine eller med bandet, lærer eg av kvart prosjekt eg er med på, seier Erkki, som har ei mastergrad med spesialisering i komposisjon for film og TV frå Kingston University i London. I tillegg har han ei bachelorgrad i musikk og tilleggsutdanning innan idrett.

Og bakgrunnen frå filmmusikk kan høyrast på «Event horizon».

– Eg er veldig glad i filmmusikk, naturleg nok, sidan eg har utdanninga mi derifrå. Eg likar tema og motiv som kjem att fleire gonger, slik det er vanleg i filmar. Å leike litt med slike ting er med på å gjere musikken meir interessant.

Sjølv om dei fem songane på «Event horizon» står seg fint ein og ein, kan EP-en og skildrast som ein konsept-EP, der det overordna temaet i stor grad er veivalg.

– Det handlar om når ein er nødt til å ta ei viktig og vanskeleg avgjerd, som ein veit vil føre til store endringar uansett kva ein veljer. Dei første songane presenterer på ein måte problemstillinga, medan den siste representerer beslutninga, seier Erkki.

Han innrømmer at det er litt dyster stemning og meir moll enn dur i storparten av låtane.

– Det har ein tendens til å bli slik når eg skriv. Eg tykkjer det blir veldig kjedeleg, enten det er snakk om musikk, film eller bok, viss alt berre er bra. Det må vere ei spenning der – ein tvist som må løysast. Er ikkje spenninga til stades, dett i alle fall eg fort av, seier han.

Erkki har per no ingen konkrete planer om å spele den nyutgjevne musikken live.

– Nei, i utgangspunktet er det planlagt som eit reint studioprosjekt, men DreamFarm meiner det absolutt burde vore spelt live. Det hadde jo vore litt artig, så ein skal aldri seie aldri.

Event Horizon cover.jpg
Coveret til EP-en "Event horizon", med motiv laga av Siri Skjerve.
 

«Masquerade» best i godt selskap

Når det gjeld sjølve musikken på plata, lar vi oss imponere.

På førstesporet, «A road not taken», startar Erkki heilt roleg, med stødig og behageleg vokal. Etter kvart startar han oppbygning med elektroniske innslag, før han inviterer inn gitarar og gir full gass.

Det er her tvisten Erkki sjølv omtalar som nødvendig for å gjere musikk interessant, blir løyst. Og den blir løyst på ein rett og slett imponerande god måte.

Vi skrur opp lyden litt, vi.

«A road not taken» går rett over i andrelåta «Masquerade», der Erkki held fram med den litt dystre stemninga ein anar konturane av på åpningssporet. Dei taktfaste verselinjene i låt nummer to gjer seg godt allereie på førsteverset, men vert løfta ytterlegare eit hakk når Erkki legg på overstemme inn mot første refreng.

Og på refrenget, som også her kjem etter god oppbygning, står Erkki sin klare, litt skjøre vokal som ein flott kontrast til trøkket frå eit gjentakande synthesizer-tema og tunge gitarriff. Etter fire gjennomlyttingar av EP-en er «Masquerade» skribenten sin personlege favoritt av dei fem låtane.

Vi skrur opp lyden endå litt meir, vi, for vi vil ikkje gå glipp av nokon av dei mange elementa Erkki smeltar saman i ein kraftfull kombinasjon mot slutten av låta.

Tredjelåta, «Kindle», er meir nede, med akustisk gitar i samspel med piano. Det er ei fin låt, og fungerer som ein fin kontrast til trøkket som avsluttar «Masquerade», men når kanskje ikkje heilt opp til denne og «A road not taken».

«Insight» startar som ei delikat låt, med Erkki sin vokal som det framtredande elementet, saman med eit fint pianotema. Her får isfjordingen vist fram at han er ein god tekstformidlar, og den første halvdelen av songen er rett og slett veldig fin.

Når Erkki så roar heilt ned midtvegs, lar han pianoet igjen få selskap av ein synthesizer som tidlegare på EP’en har varsla om ein tvist, om at noko er i gjere. Det gjer at vi under det rolege partiet sit og håpar på at det skal kulminere på ein liknande måte som på EP’en sine to første låtar.

Og det gjer det. I dei detaljrike overgangane frå roleg til fullt trøkk er Erkki på sitt aller beste, og på «Insight» skapar han ei deilig avslutning, der han på kløktig vis hentar fram att melodistrofene frå avslutninga av førstelåta, men i ny drakt. Det løftar ei allereie god låt. Var det lette Dream Theater-assosiajonar vi fekk mot slutten her, tru?

Den siste låta på EP-en er «Tread». Den byggjer seg opp mot eit refreng med tunge gitarar og ei nydeleg, tostemt refrenglinje, som går att i store delar av songen.

Med stort spenn i stemma og ein klar falsett viser Erkki at han ikkje hadde nokon som helst grunn til å vere usikker på eigne songferdigheiter. Like viktig som sjølve stemmebruken, er måten han klarar å halde att på, sjølv når songane hans byggjer seg opp mot fullt trøkk.

Skal ein konkludere, er dette ein solid solodebut frå Erkki Morten Klami, som viser seg både som ein god låtskrivar, musikar og vokalist. Vi må og gi ros til Ola Langli si miksing, som får fram dei ulike instrumenta og dynamikken i låtane.

Det ein kanskje sit aller mest igjen med etter nokre rundar gjennom «Event horizon»-EP-en er at den framstår veldig gjennomført.

Erkki bringer gjennom heile låtane inn nye element, som gjer det interessant for lyttaren. Han leiker seg med dynamikk, han leiker seg med rytmer, han vekslar på kva instrument som dominerer lydbiletet og han legg på overstemmer eller ekstra vokaltema som utfordrar hovudvokalen.

Det er rett og slett imponerande å balansere dette, utan at vi ein einaste gong tenker at «Dette vart kanskje litt for mykje av det gode».

Vi tillet oss difor å vere samde med DreamFarm-gjengen: dette vil vi høyre live!
 

For ordens skyld: artikkelforfattar Øystein Hjelle Bondhus er styreleiar i SKUV, der Erkki Morten Klami i mars vart valt inn som styremedlem.