Essens 01 2015 04 02 SJU ORD_690x431

Kronikk etter ei høgtid

Essens av ei høgtid

Vi har feira påske. På fjellet, heime og litt i kyrkja. Det er rart, men sikkert forklarleg at færre besøkjer kyrkjene i påska enn elles i året. Det er i utfordring å ta tak i, meiner somme.

Statistikk fortel at i påska – Bibelens største høgtid - er kyrkjebesøket ca 30 prosent mindre enn på vanlege søndagar. I kva grad ein skal «koma folk i møte», kan nok diskuterast. Men der ein prøver, ser ein at noko skjer - også lokalt.

Toppbilde: Framføring av «Sju Ord på Korset» skjærtorsdag. Åsskard Kyrkjekor med Sigrid Bøe som evangelist (på preikestolen) og ved korset Per Arne Hyldbakk (t.v.) og Kristian Settem. 

Gamle Stangvik prestegjeld har no i mange år praktisert Påskevandring (Stangvik), Påskesongmesse (Åsskard) og Friluftsgudsteneste (Todalen). «Vandringa» og «Songmessa» samlar essensen av påska i ei og same gudsteneste. I Åsskard er liturgien utfylt med klassiske korverk – slik kyrkjemusikken opprinneleg er tenkt.  

Begeistra frammøtte gir uttrykk for glede over denne kombinasjonen.  Alt tyder på at slik formidling av hovudtrekka i påskehøgtida - gjennom bibeltekster, salmar og kyrkjemusikk - blir opplevd som vakkert og meiningsfylt. 

På Nordmøre er det pionerane Peder og Margaret Rensvik som har satsa aller størst på dette ved å la messer av t.d. Mozart og Haydn fungere som fullverdige gudstenester, både under  fleire KKKK-festivalar i Kristiansund og ved andre høve, som i Stangvik i 2011.

Essens 02 Mette Elise og Kirsten Synnøve_690x687.jpg

Stangvik palmesøndag: «Tre kvinner gikk til graven» - her Mette, Elise og Synnøve frå Stangvik Jentekor.

Ved Påskevandringane i Stangvik har barn og vaksne gjort kyrkjerommet til arena for rørsle, drama og dekor ut frå aktuelle bibelforteljingar og songar. Slik har påskeinnhaldet vorte uttrykt på ulike måtar.

Essens 03 åsskard krk TAVLA midtbiletet_600x1086.jpg

Også kyrkjekunsten talar. Her skjærtorsdagsmotivet på altartavla i Åsskard kyrkje.

Tradisjonen i Åsskard kan illustrerast med blikk på siste skjærtorsdag, da «Påskesongmessa» vart ei musikalsk-tekstleg vandring frå palmesøndag til påskemorgon. Her deltok kyrkjekor, prest og organist saman med songsolistar og fiolinistane Anders Larsen og Synnøve Hammervold. 

Essens 06 Anders L Synnøve H_690x573.jpg

Anders Larsen og Synnøve Hammervold vann seg nye venner med vakre tonar i Åsskard-kyrkja.

Essens 04_300x398.jpg

 

Mozarts (t.v.) «Kyrkjesonate» og «Agnus Dei» framført i si rette ramme. 

Ei av Mozarts festlege Kyrkjesonater (strykarar og orgel) opna palmesøndags-bolken, vidareført av kor og ensemble i Bachs berømte koral frå Kantate 147 – der Jesus blir prisa som «hjertets lyst og glede».

I skjærtorsdagsdelen stod nattverden sentralt – utdjupa med beslekta musikk. Cesar Francks «Brødet frå himmelen» (Panis angelicus) og «Du Guds Lam» (Agnus Dei) frå Mozarts «Kroningsmesse» kom fint til sin rett i denne ramma.

 Og da Anders Larsen (på sin historiske fiolin frå 1740!) spela «En Moders Bøn» av Ole Bull, fylte han ikkje berre kyrkjerommet, men også alle sinn, med edel velklang – i dette tilfellet sikkert assosiert med Jesu mor Maria ved korset.

 Langfredagens «Sju Ord på Korset» er samansett av Jesu dramatiske utsegner henta frå dei fire evangelia. Mange har tonesett desse tekstene. Denne gong framførte koret Jesus-orda til melodistoff henta frå nordmørske folketonar og med fiolinane som «glorie» over. 

Evangelisten (Sigrid Vetleseter Bøe) song den forteljande bibelsteksten til gregoriansk prega toneformlar – frå preikestolen, slik evangeliet tradisjonelt er «opphøgd». I solistrollene som dei to korsfesta «røvarane» deltok Kristian Settem og Per Arne Hyldbakk.

Sigrid Vetleseter Bøe tolka «Pie Jesu» (den frå Gabriel Faurés «Requiem») før sokneprest Bernt Venås  heldt ein kort andakt der han understreka musikkens rolle i gudstenesta med å sitere ein som slett ikkje hadde sans for kyrkja elles:  - Det som gir meg mest i kyrkja, er musikken!

Etter Edward Elgars vakre «Ave verum» (Ver helsa, sanne lekam») kom fjerde del – påskemorgon – med franske Lallouettes motett «Gled deg, mitt hjarte» og salmejubel. I eit slikt program er nemleg også kyrkjelyden ein musikalsk aktør: Allsongen tona med enormt trykk i «Maria Magdalenas jubel», som er forfattarens tittel på «Å salige stund uten like». Her vart det rapportert om frysningar på ryggen!

Essens 05 Handel_300x550.jpg

 

 

Handels (t.h.) «Hyrde-arie» avslutta Påskesongmessa.

Påskesongmessa gjekk på sein kveldstid. Og inn mot natt til langfredag vart det heile tona ned med at koret og sopransolist Sigrid framførte arien «Han er den gode hyrde» frå Handels «Messias».

Gjennomføring og respons er element å vurdere vidare når innhaldet i ei høgtid skal formidlast. Og uansett: Kva er ein betre måte kan ein avslutte stunda på enn at soknerådet inviterer til god kveldsmat i fellesskap?

 

 Tekst/foto: Bernt G. Bøe.