Et aktivt og godt år i kulturskolen
Kulturskolen på Indre Nordmøre kan melde om eit aktivt og godt år. - Vi er ein viktig del av barn og unge sin kvardag. Mange av elevane viser god framgang og svært mange elevar uttrykker trivsel med tilbodet vi gir dei.
Det går fram av årsmeldinga til Kulturskolen på Indre Nordmøre, vedteke på styremøtet 13. februar. Du finn heile årsmeldinga ved å klikke på pdf-vedlegget nederst på denne sida.
Kulturskolen på Indre Nordmøre har tilsammen 387 elevar i kommunane Halsa (75), Rindal (70) og Surnadal (242). Dei har tilbod om følgjande fag: kunstfag, dans, drama, musikk med blåseinstrument, sang, tangent og band.
I styret er Stig Sæter, leiar og han har med seg Marie Botten, nestleiar, Anita Oterholm, Ann Kristin Tørset, Hanne Tove Nerbu Baalsrud, Trond Håskjold og Rune Dalager, personalrepresentant. Personaler er rektor i full stilling, sekretær i 40 prosent stilling, 14 lærarar i 690 prosent stilling i vårsemesteret og 12 lærarar 700 prosent stilling i haustsemesteret.
Heile årsmeldinga altså ved å trykke på dette vedlegget:
| Kulturskolen på Indre Nordmøre.pdf |

.png)

