hagefavoritt 2 Susanne_700x466

Bioforsk Økologisk arrangerer sin årlege kjøkkenhagedag og etterlyser favorittplanter.

Etterlyser folk med hagefavorittar

- Det blir ein uhøgtidelig konkurranse, der dei som vil kan sende inn sin
hagefavoritt; ei plante du liker godt. For eksempel kan det vere fordi den smaker
best, held lengst, pyntar mest eller den som er artigast å dyrke, seier Susanne
Friis Pedersen. Kjøkkenhagedagen blir arrangert 26. august på Tingvoll gard.

Dei som vil vere med, må sende ei lita grunngjeving til susanne.friis.pedersen@bioforsk.no. på førehand, eller ta den med på dagen. Friis Pedersen har sjølv hagefavorittar å vise fram. Blant anna ananaskirsebær eller jordbærtomat (Physalis peruviana), røper ho, og viser fram ei litt framandarta plante. - Frukta smaker godt og er svært dekorativ til ost eller på kake, is eller annan dessert. Planta blir dyrka som tomat; ho skal bindast opp og gjødslast som tomatar. - Eg har valt jordbærtomat til favoritt fordi den har ein himmelsk smak, fortel Friis Pedersen, som legg til at det er første året ho forsøker å dyrke den her på Nordmøre. - Planta verkar robust; min plante har stått ute på terrassen og har greidd seg bra.

Hageansvarleg Susanne Friis Pedersen håpar mange vil følgje hennar eksempel, og ta med seg ein hagefavoritt til kjøkkenhagedagen som blir arrangert av Bioforsk Økologisk.

Ananaskirsebær eller jordbærtomat (Physalis peruviana) er ein av hagefavorittane til Susanne Friis Pedersen (bilete). Den blir vist fram på kjøkkenhagedagen. Foto: Anita Land, Bioforsk Økologisk