Surnadal kommunevåpen 200x246

Evaluering av Surnadal sine erfaringar med legevaktsamarbeidet i Orkdalsregionen (LIO)

Surnadal kommune ønskjer å gjennomføre ei brukarundersøking og evaluering av legevaktstilbodet etter at kommunen gikk inn i legevaktsamarbeidet med Orkdalsregionen (LIO) frå januar 2011.

Spørjeskjemaet som er lagt ut er tiltenkt dei som har brukt legevakta ved Orkdal sjukehus i 2011.

Dersom det er innbyggjarar som ikkje har brukt den interkommunale legevakta men som ønskjer å gje tilbakemelding til kommunen, er de velkomne til det. Slike tilbakemeldingar kan sendast på e-post post@Surnadal.kommune.no, via facebooksida til kommunen eller som brev.

Vi er takksame for kvar og ein som vil hjelpa oss i arbeidet med å evaluera legevaktordninga. For at undersøkinga kan gje oss nyttig informasjon er vi avhengige av å få inn flest mogleg svar.

Frist for å svare er 14. januar 2012.

Surnadal kommunestyre vil få seg førelagt ein rapport som blir basert på den informasjonen vi får inn i denne brukarundersøkinga og i evalueringa frå helse- og omsorgstenestene, ambulanse, politi, brannvesen,  AMK , legane , lag og organisasjonar m.fl.

 Takk for hjelpa!

Rådmannen

Link til spørjeskjema: https://survey.enalyzer.com/?pid=gs5s3d3t