Eventyr og KoS på Sjøbruksmuseet
Kanskje veit ikkje alle at både Bøfjorden og andre nordmørsbygder har ein stor skatt av eigne eventyr, segner, rim og regler?
Dei gamle var gode forteljarar, og mykje vart nedskrive av vår lokale «Asbjørnsen og Moe», straumsnesingen Edvard Langset rundt 1920. Han hadde statsstipend som folkeminnesamlar frå 1917 og besøkte alle bygder. I Bøfjorden skreiv han ned godbitar på Arnøra, Moen, Nytrøa, Bytenga, i Kastet og Dalabakken.
I Bøfjorden møtte han gode forteljarar på Arnøra, Nytrøa, på Heggemstranda og i Settemsdalen. Godbitar av eventyrfangsten blir å høre mellom duettar, allsong og trekkspelmusikk. Det handlar om «Oskfisen og sautjuvan», «Guten i gadda» og «Oskfisen og jutulen» - vår eigen variant av han som kappåt med trollet. Og så får du høre om dei underjordiske som flytta fjøset på Bøneset! Eventyr frå Halsa og Todalen blir også servert.
Eitt av bøfjord-eventyra er truleg utan sidestykke i norsk folkeminnelitteratur – «Pengpungjen som alder vart tom». Det er nedskrive etter gamle Johannes Bævre på Nytrøa og har ein spennande mystikk som overgår sjøl dei fleste skumle eventyr om troll og tussar. Biletserie over den nifse forteljinga om ein utømmeleg pengepung vart laga på skulen i Bøfjorden for nokre år sia.
Dei tre som bokstavleg sørgjer for musikalsk kos mellom eventyr, gåter og segner på museet denne søndagen, er nettopp trioen «KoS» – les Karen Oddny (Gravvold), Oddmund (Solem) og Sigfred (Gravvold). Vi fær høre solo- og samsong, trekkspelstykke (delvis sjølkomponerte av Oddmund Solem), og gruppa dreg opp til allsong frå skulesongboka.
Kaffekosen sørgjer kjøkenet for.
Gruppa KoS – frå høgre Karen Oddny, Oddmund og Sigfred.
Innsendt av Bernt G Bøe.