gøran bolme_350x449

Få billettar igjen til bygdakvelden

Gøran Bolme (bildet) er blant dei mange aktørane frå Surnadal, Rindal og Halsa som skal i aksjon når Surnadal Kulturhus arrangerer god, gammaldags bygdakveld laurdag 5.februar. Billettsalet har vore svært bra, så den som vil sikre seg plass i Storstuå må vere kjapt ute. Komplett oversikt over kven som skal i aksjon på scena under bygdakvelden, finn du ved å klikke vidare på denne saka.

Nils Egeness er konferansier under bygdakvelden i Surnadal Kulturhus 5. februar, der følgande aktørar er med:

Feltkoret (song)

Johnse Sættem (monolog)

Sigrid Vetleseter Bøe, Gjermund Moe og Hedda Hansen Berg (song/flygel)

Magne Lillegård (monolog)

Lars og Lars Rune Sæther (song)

Arne Landsem (song)

Bøfjord Teaterlag (sketsj og monolog)

Torill Moe (song)

Øyvind Holte, Magne Lillegård, Anne Marie Moen og Kåre Korsnes (sketsj)

Ingbjørg Loe Bjørnstad (song/flygel)

Sigrid og Hedda (song/flygel)

Førkjånn (song)

Åsmund Godal Tunheim og Even Hendset (song)

Gøran Bolme (song)

Orkester: Rune Dalager (gitar), Per Olav Bredesen (bass) og Svein Håvard Saksen (trommer).

Billettar kan kjøpast på Surnadal Kulturhus/Vårsøg Hotell og billettluka.no