Svanhild Husby_350x252

Få billettar igjen til Jørgenkveld i Storstuå

Svarrabærje Teaterlag informerer om at det no er under 50 ledige billettar igjen til den store Jørgenkvelden i Surnadal Kulturhus laurdag 30. april.

Medverkande: Svanhild Husby, Holger Skei, Johnse Sættem, Karstein Mauset, Bernt Bøe, Kolbjørn Botten, aktørar frå Svarrabærje Teaterlag m.fl.

- Vi ynskjer å vise mangfaldet i Jørgen Gravvold sine tekster, gjennom ei variert forestilling med mykje musikk, song, dramatisering og opplesing. Det blir gjenhør med kjent og kjært stoff, og ting som ikkje har vorte framført tidlegare. Vi håpar at mange vil bli med på eit dykk i denne kulturskatten!

Billettpris: 200 kr. Overskotet frå forestillinga går til forskning mot krybbedød og til Jørgenfondet.

Billettar kan kjøpast på Surnadal Kulturhus/Vårsøg Hotell (tlf. 71 65 71 00) og på nett: billettluka.no.