
Klokkeklart nei til Klinge
Får ikkje sommartid heile året

"Kva er eigentleg meininga med å framprovosere falskt jet-lag på dette viset? Dei av oss som har ein lett forstyrrbar søvnrytme blir skipla, mjølkekyrne likeså", skriv Jennny Klinge i sin gjesteblogg på politisk.no.
Senterparti-politikaren meiner det må bli slutt på at klokka skal stillast to gonger i året for å tilpasse oss halve Europa.
- Det er aldeles unødvendig å stille klokka. Eg kan ikkje sjå noko som helst positivt med det, seier Klinge til politisk.no.
- Det er eit stress og irritasjonsmoment spesielt om våren når du mistar ein time med søvn om morgonen. Det er viktigare at det er lyst ein time meir på ettermiddagen.
I spørjetimen i Stortinget i dag, onsdag, stilte ho følgjande spørsmål:
"To gongar årleg stiller vi klokka éin time til anten vintertid eller sommartid. Fleire som forskar på søvnrytme og samanhengen mellom denne og helsa meiner vi bør gå over til sommartid heile året. Dette vil ha positiv effekt både for folk og fe – all den tid også rytmen til mjølkekyrne blir skipla. At reglane om sommartid og vintertid er bestemt i eit EU-direktiv, har vorte nytta som argument mot å innføre sommartid heile året. Kva handlingsrom har Noreg dersom det er fleirtal i Stortinget for å endre regelverket her til lands?".
Frå Trond Giske (Ap) var det ikkje mykje hjelp å få:
- Sommartid vart innført første gong i Norge i 1916, og er no fastsett i eit EU-direktiv som ikkje gir mulegheit for nasjonal tilpasning, var svaret frå nærings- og handelsministeren.
Sjølv om direktivet ikkje opnar for nasjonal tilpassing, har Island i motsetning til Norge innført sommartid hele året. Også Russland har nyleg gjort det same, og Jenny Klinge meiner den raudgrøne regjeringa burde teke initiativ til å følgje etter.
Den profilerte nei til EU-statsråden Trond Giske ser ingen grunn til at Norge skal operere med andre tider enn våre naboland.
- Vi har ikkje vurdert sommartid hele året, sommar derimot kunne vi gjerne hatt, sa Giske frå talarstolen. Han meiner det er mest praktisk å ha same klokketid som nabolanda Sverige og Danmark.
- Eg er ikkje fornøgd med svaret og synest det er lite offensivt av Giske, sa Jenny Klinge til politisk.no etter spørjetimen. Hun er heilt sikker på at eit flertal både på Stortinget og blant norske innbyggjarar er einig i at sommartid er det beste heile året.

.png)

