todalen gamle skule_250x185

Får kjøpe skulen for 1 krone

Kommunestyret i Surnadal vedtok i mars i fjor å leggje Gamle Todalen skule ut for sal for minimum 200.000 kroner, og med føring om at kjøpar burde bruke bygget til boligformål. Det lukkast dei ikkje med. No får ei interessegruppe i Todalen får overta gammalskulen i bygda for éi krone for å starte lokalhistorisk og fleirkulturelt senter.

Marknadsverdien på gammalskulen vart i fjor vurdert til 350.000 kroner. Men sjølv om skulebygninga har vore annonsert i media og visningar har vore føretatt saman med interessentar, har ein ikkje lukkast i å få til eit sal.

 

I forkant av førre gongs handsaming av saka, ville Talgø Invest AS i samband med ei overtaking foreta full oppussing av huset, både utvendig og innvendig for å skape to moderne leiligheiter.

Dette ville til dels dekkje bedrifta sitt behov for gjennomgangsbustader til nytilsette i Talgø-bedriftene samt frå folk som vil etablere seg i Todalen. Men den gongen meinte kommunestyret at gammalskulen burde lysast ut til sals på den opne marknaden, og slik blei det.

Resultatet vart at ingen la inn bod på eigedomen. Ei ny interessegruppe kom på banen i fjor haust, med planer om prosjekt dei kallar ”Gammalskulen lokalhistoriske og fleirkulturelle senter”. Dei ønskjer at huset - som var barndomsheimen til forfattaren, folkemusikaren og bygdabok-forfattaren Leif Halse - skal tilhøyre bygda.

"Våre tankar er at "Gammalskulen" skal vera ein open møteplass for lokal- og internasjonal kulturutveksling. Det fleirkulturelle samfunnet har gjort Todalen til ei meir spennande og attraktiv bygd. Slik vert dette ein viktig arena for integrering og synleggjering av det mangfaldet vi er så heldig å vera ein del av. Det er og eit mål at det vert ein viktig møtestad for ein større region", skriv interessegruppa, som meiner at bygninga kan huse ulike arrangement, utstillingar, kurs/seminar og kafe. Dei ønskjer å kjøpe gammalskulen gjennom oppretting av ei privat stifting.

Surnadal kommune ønskjer å kvitte seg med gammalskulen. Til formannskapshandsaminga tidlegare i vinter innstilte rådmannen at den planlagde stiftinga kan få kjøpe gamalskulen for kr. 1,-. Dette gjekk formannskapet einstemmig inn for, og fredag vart vedtaket stadfesta av kommunestyret.