solveig-haglund_250x166

Får statleg støtte til helseprosjekt

Surnadal kommune har oppretta samarbeid med Solveig Haglund for å utvikle ein modell for å gje betre helse gjennom endring av livsstil. Dette er eitt av to prosjekt i Møre og Romsdal som no er tildelt økonomisk støtte frå det statleget prosjektet "Inn på tunet-løftet".

- Inn på tunet-løftet skal bidra til samfunnsutvikling og verdiskaping lokalt, og til å løyse fleire av samfunnet sine utfordringar innan skule, oppvekst, helse og omsorg. Vi veit det er gode effektar av desse tilboda, seier statsrådane Lars Peder Brekk og Liv Signe Navarsete.

På landsbasis er 37 kommunar tildelt midlar over "Inn på tunet-løftet" i første søknadsrunde. Landbruks- og matdepartementet og Kommunal-og regionaldepartementet har stilt til rådvelde 18 millionar kroner, fordelt over tre år, til kommunalt utviklingsarbeid.

Heile 137 kommunar har søkt om midlar over "Inn på tunet-løftet". Etter hard konkurranse er 37 kommunar tildelt midlar i denne søknadsrunden.

- Dei utvalgde kommunane tek fatt i viktige utfordringar i omsorgsplan 2015, Kunnskapsløftet, Samhandlingsreformen, NAV-reformen, integreringsarbeid og forebyggende arbeid. Vi føler at vi har utløyst eit potensial for kreativitet og nytenking i kommunane, sier Brekk og Navarsete.

Surnadal kommune sitt samarbeid med Solveig Haglund (bildet) om eit friklivstilbod for livsstilssjuke, er eit treårig prosjekt og er tildelt 303.000 kroner i støtte for 2010.

I Møre og Romsdal er i tillegg Midsund kommune tildelt 170.000 kroner til å utvikle ein modell for å kjøpe tenester til psykisk sjuke og demensomsorg.