friskliv_200x287

Får støtte til frisklivssentral

Surnadal kommune har fått 125.000 kroner i tilskot frå Fylkesmannen for å starte ein frisklivssentral, melder tk.no. Ein frisklivssentral skal rette seg mot personar som av helsemessige eller sosiale grunnar har behov for hjelp til å endre livsstil.

Målgruppa er til dømes personar som har høg risiko for å utvikle eller har sjukdommar og plagar som kan relaterast til fysisk inaktivitet, usunt kosthald og tobakksbruk, grupper som har eller er i ferd med å falle utanfor arbeidslivet, innvandrargrupper og personar med lettare eller moderate psykiske lidingar.

I fjor fekk Surnadal 303.000 kroner frå Landbruks- og matdepartementet sitt prosjekt "Inn På Tunet-løftet". Dette er pengar som skal brukast på førebyggjande arbeid for å redusere spesialisthelsetenester med målgruppa i risikosone for livsstilssykdommar.

Les meir om "Inn på tunet-løftet" i Surnadal her.

- Kommunen ser no på alternative modellar for å slå saman desse to summane for å få til eitt godt tilbud i Surnadal. Det opplyser Annett Ranes, folkehelsekoordinator i Surnadal kommune, til Radio Kristiansund.

Også Eide kommune får pengar frå Fylkesmannen til å starte ein frisklivssentral.