kommunestyret_350x263

Færre kommunestyre-medlemmer, nye hovudutval

Kommunestyret i Surnadal blir redusert frå 27 til 25 representantar. To nye hovudutval - eitt for helse og omsorg og eitt for oppvekst - skal erstatte det noverande hovudutvalet for oppvekst og omsorg. Formannskapet overtek funksjonane til administrasjons- og arbeidsmiljøutvalet. Dette er nokre av tilrådingane til ny politisk struktur i Surnadal for valperioden 2011-2014.

Ei arbeidsgruppe beståande av ordførar Mons Otnes, formannskapsmedlemmene Gunhild Bøklep Bøe og Stig Sæter, rådmann Geir Vikan, assisterande rådmann Gunhild Eidsli og hovudtillitsvalde Odd Asbjørn Bævre og Aase Vedul Moen har evaluert den politiske strukturen i Surnadal.

I framlegget til ny struktur går gruppa inn for at talet på kommunestyre-representantar, som i 2007 vart redusert frå 31 til 27, no blir ytterlegare redusert til 25. Dette blir mellom anna grunngjeve med at det noverande talet ligg langt over minstekravet i lova, og at eit mindre kommunestyre ikkje vil gi negativt utslag for dei minste partia.

Arbeidsgruppa ønskjer at formannskapet framleis skal ha ni medlemmer, og at dei overtek funksjonane til administrasjons- og arbeidsmiljøutvalet (HAA) for å styrke dette organet sin status og rolle. Når arbeidsmiljøsaker blir behandla, meiner komiteen at utvalet skal bestå av fire politikarar frå formannskapet, ein person frå administrasjonen og fem arbeidstakar-representantar.

Oppvekst og helse- og omsorgssektoren vart samla i forkant av kommunestyreperioden 2003-2007. No tilrår strukturkomiteen at hovudutval for oppvekst og omsorg blir delt opp i to sektorstyre igjen. Dette ut frå argument som at fagområda er så omfattande at politikarane i eit felles hovudutval ikkje greier å sikre seg nødvendig kompetanse innanfor to så store område. Vidare mistar ein litt av den dynamikken som ligg i at politikarar frontar sine saksfelt utan å måtte ta omsyn til at andre sektorar også har store behov.

Arbeidsgruppa ønsker at hovudutval for teknikk og miljø held fram i si noverande form, medan klientutvalet bør leggast ned. det politiske handlingsrommet i desse sakene er så lite at det i dei aller fleste tilfella er den faglege innstillinga som blir lagt til grunn for vedtaka. Forslaget er no lagt ut til høyring.

Les meir på Surnadal kommune si heimeside.