
- og Tore på sporet held fram!
Fagleg påfyll
Fredag var det ein paneldebatt om utfordringane med nedskjæringar i dei store mediehusa, og Liana Milella, profilert politisk journalist fra La Repubblica, Italia fortalte om korleis den italienske avisa med avsløringane sine bidro til å felle Silvio Berlusconi.
Fredagskvelden vart avslutta med ein panelsamtale med gjestane Tore Strømøy (NRK), Bernt Olufsen (Schibsted) og Gunnhild Sundli som snakka om kor nær innpå intervjuobjekt ein kan gå. Strømøy gjorde det også klart at vi ikkje måtte tru på han når han snakkar om å slutte med "Tore på sporet"!
Gunnhild Sundli med band framførte også to av dei siste låtene sine.
Lørdag vart møtet mellom tradisjonelle aviser og nettbaserte ultralokale aviser tema. Elles var det seksjonar med parallelle emne, og Nils Arne Eggen i fri dressur om samhandling og godfoten med vennlege sidespark til jounalistar og redaktørar.
Tidlegare NRK-journalist Ragnhild Lund Ansnes er den eineste kvinna i verda som har skreve autorisert klubbok for eit Premier League-lag. Vi fekk høre henne fortelje om vegen fram til at ho no har skrive to bøker frå Liverpoolmiljøet.
Lørdagskvelden blir avslutta med festmiddag og prisutdelingar. Her tek vi med prisen i klassen Lokaljournalistikk og siterer frå juryen:
Prisvinner: Barnevernsaken i Orkdal, Catharina Morken, Avisa Sør-Trøndelag
Å se makten i kortene kan være ekstra utfordrende i et lite samfunn hvor alle kjenner alle. Med stor utholdenhet har journalisten stått på og gjort jobben sin over tid på en uredd måte. Med stor utholdenhet evner journalisten å sette saken i kontekst tilbake i tid i en vanskelig og følsom sak, hvor konsekvensene er store. Journalisten evner å få frem mange stemmer i det som er blitt ”Barnevernsaken i Orkdal”, hvor avisen har fylt sitt samfunnsoppdrag til fulle.
Samla oversikt over prisvinnarane finn du på Hellkonferansens nettside.