011_cropped_1024x1340

Fakkeltog i Bæverfjord

Utearrangement i månadsskiftet november/desember vil nok alltid på våre kantar kunne sjåast på som risikosport. Med varsla ekstremvær i forkant var ikkje utsiktene før årets nissemarsj og julegrantenning i Bæverfjord dei aller beste. Om nokon hadde levert bestilling, er uvisst, men jammen vart det ikkje eit opphald i uværet søndag ettermiddag! Litt snø hadde det også kome, og dermed litt av den rette julestemninga. Dermed vart det bra oppmøte både under nissemarsjen og julegrantenninga ved Bæverfjord oppvekstsenter.

Arrangementet ved Bæverfjord oppvekstsenter var som vanleg eit samarbeid mellom FAU og Bæverfjord idrettslag. FAU ordnar med julegrantenning og dessutan førjulstrivsel med kakao og pepparkaker til marsjdeltakarane etter marsjen. Idrettslaget organiserer sjølve marsjen og premiering til dei yngste deltakarane. I år var det 27 barn som fekk medalje etter gjennomført marsj. Fakkeltoget som gjekk tur-retur Bæverfjord stadion var likevel mykje større, ettersom mange vaksne også var med og gjekk.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Glimt frå årets nissemarsj i Bæverfjord. Ved Bæverfjord stadion kom det ein liten snøeling, men det var berre moro!