
Fann 70 år gammal avis i fotskammel

I 1941 kosta eit årsabonnement på "Sør-Trøndelag" 10 kroner, medan den som ville ha avisa tilsendt til Amerika, måtte ut med 14 kroner året. Dei fire sidene i stort format inneheldt 20.desember 1941 like mykje riks- som lokalstoff, og det var så absolutt ikkje brukt mykje spalteplass på bilder.
Førstesida inneheld tekst til fjerde søndag i advent og artiklar om mellom anna soyabønner samt muleg rettssak om oppdemmingsretten i Espa og Lomtjønnna. Ein notis slår fast at det i Orkanger var innmeldt 13 arbeidsledige menn og 1 ledig kvinne. I ein annan notis blir det konstatert at "i samband med opprenskingsaksjonen mot kommunistene i indre Serbia er det kommet til mindre sammenstøt, og en del kommunister er drept."
Avisa har også fleire andre meldingar om krigen på dei fire sidene, som i tillegg er dominert av diverse annonser og offentlege meldingar.
Klikk på bilda av avissidene for større versjonar.

.png)





