Ingrid Lysberg og Marie Sanden_1024x683

Fantastisk dag i Svinvika

Det vart ein fantastisk dag for dei mange eldre som hadde møtt opp i Svinvika for å markere Verdens aktivitetsdag i dag. Sola stråla frå ein mest skyfri himmel, og bortimot 60 vandrelystne hadde møtt fram for å delta på eitt av dei aktuelle turalternativa for dagen. Etter ca halvannan time med vandring vart det servert bakels og graut under open himmel ved kafeen i arboretet. Der vart også «det vakraste som er skrive om kjærleiken» framført av Monna Tandberg.

Å trivast i skog og mark er ikkje noko som forsvinn med alderen, noko desse to damene er eit levande bevis på! Dei var mellom vandrarane som tok turen om gammelvegen ovanfor Svinvika: Ingrid Lysberg (t.v.) Surnadal på 91 år og Marie Sanden 88 år frå Ålvundeid, men opprinneleg todaling. Alle foto. Norunn Holten 

Det låg ei merkbar, god stemning over heile arrangementet i Svinvika. Kanskje var det fordi det her var samla så mange menneske som likte å vera i lag? Kanskje var det at fysiske aktivitetet generelt gir positiv energi? Eller var det rett og slett den høge temperaturen, sola som varma på himmelen og tørre vårstiar som lokka ute i marka? Ikkje veit vi. I alle fall var eit heilt fantastisk vårvær med på å gjera aktivitetsdagen i Svinvika til ei minneverdig oppleving. Været var truleg også ei medverkande årsak til at så mange valte å dra ut på tur akkurat denne dagen. Mange av dei som møtte opp har vore aktive i stavganggruppa frå før, men det var også ein god del nye fjes å sjå.

Det er sjeldan så gode og rutinerte skodespelarar som Monna Tandberg besøkjer Surnadal. Desto artigare er det når dei kjem! Monna Tandberg framførte det ho sjølv kalla «det vakraste som er skrive om kjærleiken» for dei frammøtte i Svinvika. Teksten var henta frå romanen «Victoria» av Knut Hamsun, og kven er vel betre enn han til å setje ord på både dei lyse og mørke sidene ved akkurat det emnet….

Flotte naturopplevelsar mest frå første stavtak....

Fortroppen opp lia frå Svinvika.

Idyllisk etter gammelvegen.

Mest utruleg at det her har køyrt bussar! Det var ikkje mykje som verna trafikken mot bratta nedanfor.......

Fantastisk utsikt på toppen av vegstubben. Her er det berre å slappe av og nyte synet.

Tilbaketuren går etter "nygammelvegen" til Todalen.

Det vart servert bakels og graut ved kafeen i arboretet etter trimturen.

Og så er uteserveringssesongen i gang....!

Leiar i pensjonistlaget, Martinus Torvik, og Monna Tandberg fann tonen i Svinvika.