Fargerik haustfest
Hausttakkefesten vart også i år ein fargerik kyrkjedag i Åsskard. Samhandling frå mange gav ei fin gudsteneste med påfølgjande konfirmantjubileum.
Åsskard Bygdekvinnelag dekorerte kyrkja til takkefest – til tydeleg glede for dagens prest, Kristin Strand (til venstre). Vidare ser vi Johanne Holten, Kari Sollid Heitmann, Eldfrid Sæther vik, Kari Sæther og Inger Lise Heggem.
Åsskard Bygdekvinnelag sette standard - med markens grøde, lauv og bær i kyrkjerommet. Prest i Orkdal, valsøyfjordingen Kristin Strand, tok igjen ansvar med fin vikarteneste. Ho involverer både konfirmantar og (denne gong vesle Filips) dåpsfamilie slik at gudstenesta blir eit fellesskap. Den sjarmerande samtalen med inviterte 50-årskonfirmantar var eit høgdepunkt.
Frå galleriet gav damegruppa frå koret P17 kraft og harmonisk glans til salmesongen - attåt eigne satsar til inn- og utgang. Dei fire 2018-konfirmantane deltok med ymse tenesteoppgåver – mellom anna som kyrkjevertar og dåpsassistentar.
Soknerådets Gunda Bele (t.v.) fekk denne søndagen ypperleg assistanse av konfirmantane Emilie, Thea, Una og (t.h.) Noa.
Songgruppa skapte velklang. Frå venstre Inger Garthe, Kirsten Baadnæs Bøe, Randi Vetleseter Bøe, Kari Sæther og Ann Magret Botten.
Konfirmantjubileum
Etter gudstenesta var Åsskard sokneråd vertskap da 50-årskonfirmantane møttest til middag og hyggestund i Kveldheim på Bølandet. Her var gjensynsgleda stor, og minne av mange slag frå skule og ungdomstid sat laust. Blant dei som tok ordet og friska opp minne til felles fornøyelse, var Margunn Baatvik og Bjarne Settemsdal.
Og Jan Magne Holten vart den heldige vinnar av Sigrun Hesjehagens flotte trefat med måleri av Åsskard-kyrkje.
Gjensynsglede blant 1967-konfirmantane. Frå venstre Bjarne Settemsdal, Joralv W. Sættem, Brita Bøe (Solskjær), Else Jorunn Bævre (Pedersen), Torgunn Gjøvik (Nordvik), Aud Todal, Einar Birger Staknes, dagens prest Kristin Strand, Lillian Bøe Gravvold, Jan Magne Holten, Margunn Baatvik og Kjell Svensli.
- Fint minne om dagen og konfirmanttida, tykte Jan Magne Holten, som vann måleriet av Åsskard kyrkje.
Tekst og foto: Bernt G. Bøe