Fargerik kyrkjedag

Hausttakkefest er eit høgdepunkt i kyrkjeåret. Kombinert med 50-års konfirmantjubileum vart søndagen i Åsskard ei fargerik oppleving.

Heidersgjester var 1968-konfirmantane. Til ære for dei hadde Åsskard Bygdekvinnelag pynta kyrkjerommet med haustens fargar og markens grøde.

Brei deltaking

Prest Kristin Strand las heile skapingssoga og summerte den opp i preika si. - Gud gjorde mennesket til medskaparar, og han bed oss forvalte verda, sa ho. - Ei god gudsteneste er prega av brei deltaking, som i salmesongen her i dag, føydde ho til. Både forsamling og dyktige forsongarar fekk ros av presten - ikkje minst korgruppa som la fleirstemmighet til klassikarar som Alltid freidig og Herre Gud, ditt dyre navn og ære.

Attåt flott pynting var Bygdekvinnelaget også triveleg kyrkjevertskap - med kaffe og kaker etter messa.

Barndoms kyrkje

Ruth Tomine Sollid Holmeide hadde teke turen frå Tingvoll til gjensyn med si barndoms kyrkje og «geilkalvane» frå 1968. - Eg har så mange fine minne frå Åsskardkyrkja, fortalte ho. - Far min, Martinus Sollid, var medhjelpar her, og eg fekk sitte saman med han framme i koret!

Mimretreff på Kveldheim

Om ettermiddagen var 50-årsjubilantane samla til middag, kaffe og mimring på grendahuset Kveldheim. Her sat minna og latteren laust. Litt frå konfirmanttimane hos sportsinteresserte Karl Jacobsen, men mest frå skuletida med Rebni, Joli og Synnøve Moen på Sjøheim.

Somme røpa truskuldige episodar på tvers av reglementet, andre gjenkalla fine stunder frå klasserommet. - Aller finast var det når Synnøve las forteljingar i sistetimen på laurdag, sa Marny Magnussen. - Det var oppleving for livet!

Marny hadde også med seg ABC-bok, minnebøker og slagerutklipp. Fleire nikka og vart nesten blanke i augo ved gjensyn med desse klenodia frå skuledagane. Og spontant stemte dei i Grynet Molvig-slageren: - Skyld ikke på meg, det var du som sa nei!

Prest på turnlandslaget

Arrangør Åsskard sokneråd underheldt gjestene med spørrekonkurranse - mest om konfirmantåret 1968. Gruppene imponerte med stor kunnskap. (Men at presten Karl Jacobsen i si tid deltok på landslaget i turn, var ukjent for alle!)

Spenning knytte seg også til utlodninga. Og her gjorde Marny Magnussen storvarpet da ho vann det spesiallaga jubileumsfatet med Sigrun Hesjehagens måleri av Åsskard kyrkje.

 

Innsendt av Bernt G. Bøe.
 

000 Åsskard a Samtale.jpg
Prest Kristin Strand i munter samtale med jubilantane i kyrkja – frå venstre Sigrun Sæther Øye, Ruth Sollid Holmeide, Marny Magnussen, Ellen Gravvold Husby, Birger Aasgård, Geir Settemsdal, Alf Magne Bøe og Hans Hendrik Blekken. Ved lesepulten klokkar Randi Bøe.

000 Åsskard b Bygdekv.jpg
Aldri hausttakkefest utan Åsskard Bygdekvinnelag! Frå venstre Ragnhild Skrøvset, Gunhild Bøklep Bøe, Johanne Holten, Kari Sæther, Torbjørg Settem, Randi Vetleseter Bøe og Inger Lise Heggem.

000 Åsskard c.jpg
50-årskonfirmantane samla på Kveldheim. Frå venstre Ruth Holmeide, Geir Settemsdal, Sigrun Øye, Birger Aasgård, Marny Magnussen, Ellen Husby, Hans Hendrik Blekken og Alf Magne Bøe.

000 Åsskard d Munter mimrestund.jpg
Artig gjensyn med barndoms bøker. Ruth, Marny og Sigrun friskar opp att både minnebok og ABC.

000 Åsskard e Slager.jpg
- Skyld ikke på meg! Grynet Molvig og andre slagerartistar stig fram frå utklippsboka. Marny og Ruth nynnar med.

000 Åsskard f Karasida.jpg
Karasida hadde kanskje dei muntraste og mest fargerike historiene over kaffekoppen. Frå venstre Hans Hendrik, Birger, Geir og Alf Magne.

000 Åsskard g Fatet Rut Ellen Marny Sigrun.jpg
Marny vann sjølve trofeet – kyrkjefatet måla av Sigrun Hesjehagen. Vinnaren saman med Ruth (frå venstre), Ellen og Sigrun.