Fargerikt og varmt Vintersyn 2018

Halldis Sagmo frå Stjørdal/Skorovass presenterte ei varm og fargerik utstilling for oss laurdag. Dette er Surnadal Kunstforening si utstilling Vintersyn 2018 som er ope til 18. mars.

IMGP2679.JPG
Kunstnaren Halldis Sagmo (t.v.) vart ønska velkommen av sekretær i Surnadal Kunstforening Sissel Halset Storslett.

Halldis Sagmo er nordtrønder, født i Overhalla, bur i Stjørdal og har atelier og galleri i Gammelskolen i Skorovass. Der inviterer ho også til kurs både for nybegynnarar og for vidarekomne

På kursa prøver ho å hjelpe deltakarane til å finne fram til den indre stemmen vi har, gjerne gjennom song og musikk, fortel ho.

Bilda på utstillinga er fine, gode forteljingar frå kunstnaren si side. Du skaper ditt innhald og dine opplevingar i forteljingane.


IMGP2671-001.JPG

- Dette bildet laga eg ved hjelp av Bo Kaspers «Hold ut», fortel Halldis Sagmo. Sjå detalj nedafor.

IMGP2682.JPG
(For å sjå bilda i rett fargenyanse, så å du sjå utstillinga i Galleri Finstuå!)

IMGP2673.JPG

Under opninga las Kjellaug Brørs eit dikt ho skreiv til 5-årsjubileet for Kulturhuset, eit fint opningsdikt der vi fekk repetert mykje av historia til Kulturhuset.

IMGP2665.JPG

Bilda i Galleri Finstuå i Surnadal Kulturhus på Skei er ei god oppleving å ha med seg ut i vinterdagen, og det er nok meininga med utstillinga Vintersyn 2018 frå Surnadal Kunstforening si side.

IMGP2690-001.JPG

IMGP2694.JPG

Kunstnarmøte og ein god samtale.

IMGP2689.JPG

IMGP2691.JPG

Utstillinga Vintersyn 2018 er er ei salgsutstilling og er ope til søndag 18. mars.