Picasa

Fastelavenssundags-preika

Jesus talar til disiplane sine om tidene som skal koma. Dei forstår ikkje så mykje av det. Me ser det som ei hending i fortid. Det har skjedd, dette vonde som Jesus varslar disiplane sine om. Men har det konsekvensar for oss at Jesus går gjennom død og grav for vår skuld? Det kan vera preika for Fastelavenssundag kan spore til meir refleksjon? Signa lesnad!

 

Sundagspreike Fastelavnssøndag 2013
 
Når me skal høyre preiketeksta for i dag, blir eit par vers frå 1.Korintarbrevet ståande som ein type bakteppe. Eller tolkingsnøkkel. Der skriv Paulus som følger:
12 Nå ser vi i et speil, i en gåte,
          da skal vi se ansikt til ansikt.
          Nå forstår jeg stykkevis,
          da skal jeg erkjenne fullt ut, slik Gud kjenner meg fullt ut.
          
13 Så blir de stående, disse tre: tro, håp og kjærlighet.
          Men størst blant dem er kjærligheten.
 
Og kva skriv så Lukas i det me skal høyre er preiketeksta i dag? Det er mesta som ein spegel og ei gåte.
31 Han tok de tolv til side og sa til dem: «Se, vi går opp til Jerusalem, og alt det som profetene har skrevet om Menneskesønnen, skal gå i oppfyllelse. 32 Han skal overgis til hedningene og bli hånt og mishandlet og spyttet på, 33 og de skal piske ham og slå ham i hjel. Og den tredje dagen skal han stå opp.» 34 Men de skjønte ikke noe av dette. Meningen var skjult for dem, og de forsto ikke det han sa.
Luk 18,31-34
 
Framtida er enklast å forstå når ein ser den bakantil. Så sant det er sagt! De har så mykje erfaring og lærdom, de har prøvd så mykje både av praktiske ting og ikkje minst mentale ting, at det er nesten for gale at all dykkar visdom og erfaring skal gå i grava med dykk.
 
Men slik er det. Me må berre overlata til dei som kjem etter oss å klare seg som best dei kan – om det så er å lære seg å gå eller lesa, lære seg å strikke eller køyre traktor, lære seg å elske eller lære seg å stå for gode val og gode verdiar.
 
Alle foreldre veit nok inderleg vel at det er grenser for kor lenge me kan styre med borna våre. Enn seie manipulere, som ofte blir fenomenet når borna er halvstore eller vaksne.
 
Det er grenser for kor mykje erfaring me kan tre inn i borna våre. Nokon seier at det me ikkje har fått forma borna våre før dei er tolv år, er berre å gje opp. Langt på veg trur eg det er tilfelle.
 
Når Jesus talar til disiplane sine om tidene som ligg føre, står dei i ein totalt forskjellig posisjon enn me gjer. Og Jesus sin posisjon er også unik. Han veit kva som skal skje. Han veit at døden nærmar seg, og fortel kva han veit. Men disiplane derimot, dei ser berre som i ein spegel og ei gåte. Det er ikkje mykje dei forstår.
 
Kva i alle dagar?! Skal alt dette vonde skje med Jesus?? Skal det skje at han blir overlevert og utlevert til heidningane, ikkje berre til hån, mishandling og sputting – men endå til både til pisking og drap.
 
Dei høyrer, men dei forstår lite og ingenting. Ikkje forstår dei korleis alt dette vonde skal kunne skje med han som berre gjer godt. Og ikkje forstår dei korleis det skal skje at han både skal bli drepen og gjenoppliva att, heller.
 
Disiplane forstår framtida framantil. Då er det ikkje så enkelt. Fyrst i ettertid, når futurum har vorte til perfektum – då forstår dei fullt ut slik Jesus kjenner dei fullt ut.
 
Framtida er så ansleis når ein ser den bakantil enn når me ser den framantil. Baksida er så forskjellig frå forsida!
 
Tenk berre på korleis me reknar alder: Ein fireåring kan nesten ikkje få tida til å gå fort nok til neste tur i svømmehallen eller neste sommarferie. Ei bestemor har derimot sett at den beste biten av livet var då ho var ung og hadde livet føre seg, før klokke og år fòr raskare enn ho kunne hengja med.
 
Korleis er Jesus – om me ser han framantil eller bakantil?
 
Ser me Jesus i futurum, som ein uoppnåeleg størrelse der framme, som i ein spegel og ei gåte – då får me ikkje rare utbyttet av det. Han blir noko me skyv føre oss, inntil tanke og mentalitet er såpass forkalka at det er vanskeleg å meine noko anna enn kva ein alltid har gjort.
 
Ser me derimot Jesus frå den andre sida, som ei personleg erfaring i lys av kva han går igjennom – då blir det utbytte. Då ser me meir enn disiplane hadde føresetnad for då framtida var for vanskeleg å ta inn.
 
Då ser me gjerne også vitsen med alt dette vonde som skulle skje: Det var ei meining i lidelse og død.            Det var ei meining i å bli overlevert og utlevert til heidningar for håning, mishandling og pisking. Det var ei meining – og denne meininga var Jesu kyrkjelyd på jorda – oss som høyrer Jesus til.                                                          
                                                                                        Så viktige er me, altså. Så var det berre å bli utfordra på dette at Jesus må vera viktig for oss. Slik at me ser og innser det angår oss, dette som skjedde med Jesus den gongen han vart mishandla til døde og stod opp att ifrå grava.
 
Døden tok han på seg for å gje oss soning for synd. Oppstandelsen gjorde han for å leggja livet føre oss.
 
Me kan gjerne takke, allereie. Og gjerne gle oss til å sjå fullt ut kva kjærleiken går ut på når den er sterkare enn døden.