BRANNVERN - RØYKVARSLAR

Feiaren kom på skulebesøk

Onsdag fekk Øye skule besøk av brannmann og feiar Jon Nordvik. Det er eit ledd i det forebyggande arbeidet med brannvern at Nordvik no gjestar alle skulane i Surnadal. I tillegg til at det er brannvernveke i kommunen, var 1. desember også Røykvarslerens dag. Det er ikkje tilfeldig at denne satsinga blir lagt til desember. Det er denne månaden det brenn mest i Noreg. Det vart sett fokus på brannvarslarar og kor ein bør plassere desse. I tillegg fekk alle elevane beskjed om å teste at dei faktisk virka. Sjå bilder og les meir på Øye skule si heimeside.