linnea bævre og rektor_550x632

Feira bronsemedaljen

Linnea Vaagland Bævre frå Surnadal kjørte inn til bronsemedalje under helgas Noregsmeisterskap i Telemark i Hurdal. Måndag vart innsatsen feira med kaker og brus saman med medelevar, rektor Anders Talgø og kontaktlærar Bente Løseth Sylte på Surnadal vidaregåande skole.

Rektor Anders Talgø spanderte blautkake som sjølvsagt var pynta med det norske flagg, noko som vart godt motteke av Linnea og medelevane i klasse 1HS1.  Hovudpersonen var naturleg nok godt fornøgd med eigen innsats - Eg forventa ikkje medalje, så eg er godt fornøgd med bronsen. Sesongen har ikkje gått så bra for min del, mykje på grunn av ei øydelagt hofte som eg skal operere i vår, seier Bævre. Så bronse er bra! - Det kunne kanskje gått enda betre under fredagens øvelse. Da kjørte eg bra, men var uheldig og mista skia.

No er Linnea spent på VM-uttaket - Det er VM i Spania om to veker (16.-18.3), så uttaket er no i desse dagar. Men eg har liten tru på at eg får bli med på grunn av for dårlege resultat tidligare i sesongen. Men det er ikkje umuleg, så eg er spent, avsluttar Bævre før ho tek seg ein velfortent bit av bronsekaka.