Andrea Engdal Harald Polden EM zoom

Feira EM-medaljar

Helga 21.-22.april vart EM i Taekwon-Do arrangert i Slovenia, og to av våre elevar i 1ST2 utmerka seg i meisterskapet. Andrea Einmo Engdal tok gull i lagsparring, og Harald Polden tok bronse i lagmønster. Onsdag vart dei feira med blautkake og saft saman med medelevar, lærarar og rektor.

For elevane i 1ST2 er det ikkje første gongen i år at rektor Anders Talgø kjem med blautkake i klasserommet. Like før jul vart nemleg Polden norgesmeister i sparring, og Engdal tok sølv i same øvelse. Den neste store konkurransen er World Cup som arrangeres i Brighton i oktober, og i november er det NM i Oslo. Det er med andre ord ikkje usannsynleg at det blir fleire medaljar å feire i år. - Mitt mål er individuell medalje, seier Andrea som sjølvsagt tykkjer det er stor stas å vere nybakt Europameister. Harald Polden siktar enda høgare: - For min del er gull i World Cup det store målet.

Polden har tidligare teke tre individuelle gullmedaljer i NM. Engdal har sølv i NM som beste individuelle prestasjon.