Hagaleet 1_350x233

Feira med "husmannsfestival" og opning av bocciabane

Tidlegare Svorka-sjef Bård Korshamn fylte 85 år fredag. Det markerte han mellom anna med å invitere gode vener til "husmannsfestival" på hytta si i Stangvik laurdag, der opning av Hagaleet Bocciabane med påfølgande turnering var blant postane på programmet.

Hagaleet var tidlegare husmannsplass under Brøskjahagen i Stangvik.

Difor valde Korshamn like godt å kalle samlinga for "Husmannsfestival", og han ser ikkje bort frå at dette kan bli ei årleg hending.

Den aktive pensjonisten har laga ein bocciabane med offisielle lengdemål på tomteområdet sitt like nedanfor bilvegen.

Denne banen vart laurdag ettermiddag innvia med høgtideleg skiltavduking og påfølgande konkurranse. Alf Ramsøy, sjølv ein rutinert bocciaspelar, sto for avdukinga og dusjinga av banen med alkoholfri sjampanje, før han starta konkurransen med å kaste den første kula. 

- Anlegget Hagaleet Bocciabane har vore eit lokalt løft, der driftsutgiftene er anslått til praktisk talt null. Vegvesenet avviste ein søknad om anleggsbidrag med orda "Gløym det". Men det kan vere fleire som vil vere med på å dekkje driftsutgiftene, som til dømes Svorka med høg nettleige for hytter der hytteeigarane har betalt linjene sjølv, sa Korshamn med eit smil under baneinnviinga.

Korshamn la til at han i lang tid har tenkt å hjelpe til med mosjon for alderspensjonistar, men det har blitt med tanken til no.

- Bocciabanar på linje med denne i Hagaleet kan leggjast over alt i Surnadal, på Nordmøre og over heile landet. Men først må det bli ein bane ved Stangvik Aldersheim. Bruk av slike banar vil utvilsamt føre til litt aktivitet, og kanskje kan bocciaspel for eldre bli ein dempar på bruken av sjukehus.