hanne heggset feiring alle_550x323

...og i helga kan det bli nye medaljar

Feira Noregsmeisteren

Hanne Heggset er nybakt Noregsmeister i parallell-slalåm i telemark. Torsdag før vinterferien kom rektor Anders Talgø med kake på klasserommet! Det skriv Surnadal vidaregåande skole på si heimeside. I helga deltek Hanne og tre andre surnadalingar i NM i telemark i Sogndal. Kanskje det blir fleire kaffelag på skolen over helga?

På heimesida står det vidare: 3.februar kjørte Hanne best av alle under konkurransen i Vardåsen i Asker, og skolen har dermed ein ny Noregsmeister! Torsdag vart Hanne feira med kake servert av rektor Anders Talgø og kontaktlærar Liv Marit Berset. Kaka var så stor at dei like godt inviterte heile trinnet på kaffelag i kantina dagen etter.

Laurdag 23.februar og søndag 24.februar deltek Hanne Heggset, Erika Moen Kårvatn, Ane Moen Kårvatn og Emil Ansnes i NM i telemark i Sogndal (sprint og klassisk).