
Fekk fotballtips frå MFK-favorittane
Unge og ivrige fotball-entusiastar frå Surnadal fekk gode tips frå Vegard Forren og andre MFK-spelarar på Syltøran tirsdag ettermiddag. Sjå bilder frå fotballskulen her!

Ferie og fotball er ikkje så verst ein kombinasjon. Sjølvsagt kan dagane brukast til å sjå VM-kampar på TV, men like artig er det å spele sjølv.
Surnadal IL har denne og neste veke fotballskule på Syltøran. Tirsdag var det ekstra stas for mange, da ein god del av Molde sine A-lagsspelar var instruktørar for rundt 100 fotballinteresserte i alderen 6-16 år i kommunen.
Eliteserielaget gjesta Surnadal både for å undervise på fotballskulen, ha miniseminar og spele treningskamp mot Surnadal sitt A-lag - ein kamp som MFK vann 4-1. Pape Pate Diouf, Christian Steen, Baye Djiby Fall og Marcus Andreasson scora for MFK, medan Roy Bolme reduserte for Surnadal.
Gleda over å møte MFK-spelarane var stor hos fotballskule-deltakarane, som fekk mange gode råd og vink frå Vegard Forren, Marcus Andreasson, Knut Dørum Lillebakk, Mattias Moström & Co.
Klikk på bilda under for større versjonar.

.png)









