
Fellestur over Amtlia
Søndag 1. juli inviterer trimgruppa i Bæverfjord i.l. til trimtur over Amtlia. Det blir start frå parkeringsplassen på Åsskardhøgda kl. 11.00. Deretter går turen til Dreyerstuløå og Belavatnet. Blir det klarvær, ventar så ein flott utsikt på turen over Amtlia før det ber nedover igjen og ned på Bæverfjordsetra.
Utsyn frå Amtlihammaren. Foto:Norunn Holten
Trimgruppa vil hjelpe til med skyss tilbake til Åsskardhøgda for å hente bilar for dei som treng det. Turgåarane må rekne nokre timar til gjennomføring av turen, men det er er ei løype med relativt lite stigning , ettersom utgangspunktet for turen er Åsskardhøgda. Ein solid matpakke, godt fottøy og gjerne «ombyt» med sokkar bør vera med! I løpet av denne langturen er ein innom fire av trimpostane til idrettslaget: Dreyerstuløå, Belavatnet, Amtlia og Bæverfjordsetra. Dette er derfor ein ekstra flott tur for dei som går for ti postar og årets trimkrus!