surnadal fotball a-lag lagbilde 280919 foto sondre ormset, surnadal il

Fem på rad for Surnadal

Klatra til tredjeplass på tabellen etter 5-2-seier heime mot Averøykameratene laurdag.

Surnadal sitt 4. divisjonslag for herrar har dei siste åra slite mot dei kvite- og raudstripa frå Averøya. I 2018-sesongen var Averøykameratene (AK) det einaste laget Surnadal ikkje slo verken heime eller borte, og i heimekampen rota surnadalingane vekk ei 3-0-leiing og tapte 3-4. I møtet mellom laga i vår vann kompisane frå Averøy 4-1.

Og sjølv om dette aldri så vesle AK-komplekset vart viska vekk med 5-2-seieren laurdag, vart det ein slitekamp for Webjørn Holten sitt mannskap.

Laget fekk ein kjempestart på kampen då dei tok leiinga etter berre fem minutt. Venstrekant Erik Kvendset Andersen skaffa eit frispark i god posisjon, og Andreas Dalsegg Sæter skaut hardt mot mål. Keeper måtte gje retur, og der dukka Andersen opp og fekk ballen over lina.

Ein AK-forsvarar prøvde å klarere omtrent på streken, men assistentdommar Bendik Haarberg var tidleg oppe med flagget og signaliserte scoring – 1-0.

Mot spelets gang kvitterte bortelaget til 1-1. Då var det spelt 13 minutt, og fleire surnadalingar såg ut til å gå i vegen for kvarandre då dei skulle klarere eit frispark som vart slått inn i 16-meteren. Det utnytta AK-kaptein Kenneth Meyer, som fekk stå åleine og ekspedere inn utlikninga.

Resten av første omgang vart prega av at eit litt utålmodig Surnadal hadde ballen, utan å klare å skape store sjansar mot eit lågtliggande AK. Bortelaget hadde enkelte forsøk på kontringar mot alltid målfarlege Christoffer Folland, men Surnadal-forsvaret hadde stort sett god kontroll.

Om lag fem minutt før pause fekk indreløpar Sondre Næss Bolme komme seg ned til dødlinja ute til høgre, og innlegget fann Bjørnar Dalsegg Sæter. Med si første berøring dempa han ballen ut av oppassar Kenneth Meyer si rekkevidde, og med den andre sette han inn 2-1, etter å ha kasta seg fram for å nå ballen før AK si målvakt.

Dermed stod det 2-1 ved pause, etter ein sjansefattig førsteomgang.
 

Dominerte frå start i andre omgang

Allereie frå start av i den andre omgangen tok Surnadal meir grep om kampen, og i løpet av dei fem-seks første minutta hadde både Sondre Næss Bolme, Bjørnar Dalsegg Sæter og Andreas Dalsegg Sæter hatt gode avslutningsforsøk – sistnevnte med ei heading like over etter hjørnespark.

Det låg difor i lufta då heimelaget gjekk opp til 3-1 etter 54 minutt. Sander Smevoll vart først heldt fast og deretter klatra på inne i AK sin 16-meter etter to hjørnespark på rad, og etter det siste peika dommar Eirik Hyldbakk Furu resolutt på straffemerket.

Andreas Dalsegg Sæter sette ballen sikkert i mål, og noterte seg dermed for sitt sjuande mål på ni kampar i 2019.

Då det var spelt i litt over ein time, gjorde AK vondt til verre for seg sjølv, då ei feilpasning enda mellom dei to AK-stopparane. Bjørnar Dalsegg Sæter reagerte kjapt og kom seg gjennom, men i duell med ein forsvarar gjekk storscoraren i bakken omtrent i avslutningsøyeblikket.

Ballen gjekk dermed via keeper og ut til høgre, der lynraske Frikk Hauglann Talgø spurtslo backen sin og vann ballen. Han fekk deretter slått inn til toppscorar Sander Smevoll, som dempa ballen og dunka inn 4-1 på halvspretten. Mål nummer 17 for året for Smevoll, mens Hauglann Talgø varta opp med målgjevande pasning nummer ni i 2019.

Og Talgø, som etter ein litt anonym førsteomgang nærast terroriserte backen sin i heile andreomgang, var nær ny målgjevande litt seinare. Nok ein gong kom hurtigtoget rundt på kanten, og inn frå motsett ving kom Sondre Næss Bolme og avslutta. Keeper klarte med nød og neppe å få avverga til corner.
 

Ny spenning på 4-2

I staden for 5-1, skapa Averøykameratene og toppscorar Folland ny spenning i kampen etter 69 minutt. Åleine med keeper sette spydspissen inn 4-2, med sitt 12. seriemål for året.

Med om lag 20 minutt att på klokka vart det litt meir nervøst enn nødvendig på Syltøran, og den påfølgjande perioden var ikkje spesielt god frå heimelaget si side.

AK skapte heller ikkje all verda, og Surnadal fekk inn friske bein på midten i form av Petros Simon Bokre og Sindre Hyldbakk Kvande. Dei siste ti minutta vart kaptein Vegar Brøske flytta opp frå stoppar- til spissplass, medan Sander Smevoll tok plass ved sidan av Knut Ola Høvik i midtforsvaret.

I kjend stil kriga Brøske i alle duellar, og i kampens siste minutt var han nest sist på dagens siste scoring.

Også denne gongen stod Frikk Hauglann Talgø bak forarbeidet, då han stakk mellom back og stoppar og førte ball heilt ned til dødlinja, før han slo inn. Der fekk Brøske nærast liggande dempa ballen, før Sindre Fiske og Sindre Hyldbakk Kvande stod i kø for å sette inn 5-2. Fiske fekk æra av å avslutte scoringsballet, og Surnadal kunne dermed juble for tre poeng for femte kamp på rad.

Surnadal-trenar Webjørn Holten omtalar seieren som fortent.

– Vi vinn fortent, men det er ein sliteseier mot eit godt AK. Vi spelte bra når vi klarte å vere tålmodige nok med ball, og andreomgangen vår er god, seier Holten, som trekkjer fram Sondre Næss Bolme som spesielt imponerande i laurdagens kamp.

– Sondre var veldig god i dag, seier Holten, om 20-åringen, som ein lokal jury og kåra til Dagens Surnadal Sparebank SIL-gut – heimelaget sin beste spelar.

Med tre poeng laurdag passerte Surnadal Eide og omegn på tabellen. Eide klarte berre 0-0 borte mot Elnesvågen, og dermed er surnadalingane no nummer tre, med sine 36 poeng. Dahle på andreplass har 37, det same som serieleiar KBK 2. KBK-rekruttane spelar heime mot Tomrefjord måndag, og kan dermed gå opp i 40 poeng etter 19 serierundar.

Tre kampar står att av 2019-sesongen, og for Surnadal ventar no bortekamp mot Midsund, toppkamp heime mot Dahle og bortekamp mot formsterke KFK.
 

Kampfakta:

Surnadal-Averøykameratene 5-2 (2-1)

Mål:

1-0 Erik Kvendset Andersen (5.)
1-1 Kenneth Meyer (13.)
2-1 Bjørnar Dalsegg Sæter (39.)
3-1 Andreas Dalsegg Sæter (str. 54.)
4-1 Sander Smevoll (61.)
4-2 Christoffer Folland (67.)
5-2 Sindre Fiske (90.)

Gule kort: Lars Mogstad, Surnadal. Jan Erik Hoset og Daniel Nordbø Engvik, Averøykameratene.

Surnadal sitt lag frå høgre mot venstre (4-3-3):

Torstein Snekvik (Mattis Fiske inn i 46. min)

Lars Mogstad
Knut Ola Høvik
Vegar Brøske (Kaptein)
Steinar Heggset (Tore Bæverfjord inn i 64. min)

Sander Smevoll
Andreas Dalsegg Sæter
Sondre Næss Bolme (Sindre Fiske inn i 86. min)

Frikk Hauglann Talgø
Bjørnar Dalsegg Sæter (Sindre Hyldbakk Kvande inn i 81. min)
Erik Kvendset Andersen (Petros Simon Bokre inn i 64. min)

sondre næss bolme.jpg
Sondre Næss Bolme vart kåra til dagens Surnadal Sparebank SIL-gut - heimelaget sin beste spelar.

frikk hauglann talgø.jpg
Frikk Hauglann Talgø skapte store problem for AK-forsvaret etter pause.

Bjørnar Dalsegg Sæter si 2-1-scoring om lag fem minutt før pause:

bds 1.jpg

bds 2.jpg

bds 3.jpg

bds 4.jpg

bds 5.jpg

feiring av bjørnar dalsegg sæters 2-1.jpg

corner før straffesituasjonen.jpg
Andreas Dalsegg Sæter (t.h.) fortvilar etter å ha heada over etter hjørnespark, medan Sander Smevoll (midt i biletet) gjev dommaren klar beskjed om å følgje med på det han melder er halding i feltet. Og på neste hjørnespark skjer dette:

straffesituasjon 1.jpg

straffesituasjon 2.jpg
Både Vegar Brøske og Sander Smevoll vert hindra, og dommaren dømmer straffe til Smevoll (i duell med Jan Erik Hoset, til høgre i bileta)

feiring av andreas dalsegg sæters 3-1.jpg
Straffesparket sette Andreas Dalsegg Sæter trygt i mål til 3-1.

feiring av 5-2.jpg
I kampens siste minutt sette Sindre Fiske (sittande) inn 5-2, etter flott raid av Frikk Hauglann Talgø (jublande til høgre).

torstein snekvik.jpg
Torstein Snekvik (biletet) og Mattis Fiske stod ein omgang kvar mot AK.

vegar brøske foto sondre ormset, surnadal il.jpg
Vegar Brøske let frustrasjonen gå utover tverrliggaren etter at han var få desimeter unna å nå ballen på eit innlegg som gjekk gjennom heile feltet. (Foto: Sondre Ormset, Surnadal IL)

(Ingressfoto: Surnadals A-lag for herrar hadde god grunn til å juble etter 5-2-seieren over Averøykameratene (Foto: Sondre Ormset, Surnadal IL)