
Fem vil bli dagleg leiar for Vårsøghelga
Arbeidet fram mot årets Vårsøghelg vart spesielt for Laget Vårsøg, da lagets daglege leiar Margrete Seter gjekk brått bort sist haust. Holger Skei tok på seg jobben som konstituert leiar for å få gjennomført årets festival - ein festival som hadde namn som Terje Tysland, Ola Kvernberg, Edvard Hoem og Maija Skille på plakaten.

Tidlegare i sommar vart jobben som dagleg leiar i 50 prosent stilling lyst ut. Da søknadsfristen gjekk ut 20.august, hadde det kome inn fem søknader, som styret skal ha ein første gjennomgang av i morgon, tirsdag.
- Eg har positivt god tru på at vi skal finne den rette personen blant desse søkarane. Målet er at tilsetjingsprosessen skal gå raskt, men nøyaktig kva dato den nye daglege leiaren vil vere på plass, er umuleg å seie no. Det avheng mellom anna av eventuell oppseiingstid vedkomande har, fortel styreleiar Bergsvein Brøske til Trollheimsporten.
Brøske har også avgjort at han ikkje held fram i styret for Laget Vårsøg.
- Arbeidet med ferdigstillinga og vidare innsal av Vårsøg Hotell er såpass ressurskrevjande, at eg må konsentrere meg om det no framover, seier hotelldirektøren.

.png)

