Fem vil bli einingsleiar ved Øye skule
Ei kvinne og fire menn har søkt på stillinga som einingsleiar ved Øye skule i Surnadal kommune. Personen som blir tilsett skal erstatte Odd Arild Sande som blir pensjonist i sommar. Her er søkarlista:
- Kristen Bjøring (59) frå Aure, lærar
- Kåre Herrem (47) frå Storås, undervisningsinspektør
- Sara Solhjell (23) frå Øvre Surnadal, adjunkt
- Stig Morten Gjørsvik (46) frå Surnadal, undervisningsinspektør
- Trond Estensvoll (47) frå Kristiansund, lektor med opprykk
Øye skule er Surnadal kommunes største barneskule med omlag 290 elevar.