Ferdigmåla Åsskard kyrkje
Dugnaden starta i fjor sommar. Her om dagen drog Tilkomstservice AS siste strøk på tårnet. No står Åsskard-kyrkja nymåla og fin som aldri før.
- Vi er i startfasen som firma og takkar for eit interessant oppdrag, seier Åsgeir Frydenlund i firmaet Tilkomstservice AS. Saman med Anders Børset har han spesialisert seg og har sertifikat på arbeid der det bokstaveleg kan vera vanskeleg «å koma til».
Ein slik arena er tårna på kyrkjene våre. Med strenge tryggingskrav vil og kan ikkje kven som helst klatre opp med målingskosten. – Vi har erfaring frå liknande arbeid ute på oljeriggar i Nordsjøen, seier Åsgeir. – No ser vi at det er behov for våre kvalifikasjonar også i luftig arbeid på bygningar til lands.
«Safety first» er ein tydeleg tanke der duoen jobbar. Festelina med dobbel sikring oppe i tårnet skal tola minst 1500 kilo. Og i beltet ber sjefen krokar og utstyr for mange tusen kroner. Stor og betryggande forskjell samanlikna med gamle dagars ruglete stillas og ustø stigar!
Samtidig jobbar Anders og Åsgeir nøyaktig. Kvitmålinga på tårnveggen må gjerast eine dagen, dei rosa kledingane neste gong – når veggen har tørka. Flekker og «helgedagar» kjem ikkje på tale.
Da Åsskard sokneråd inviterte til målardugnad i fjor sommar, tok bygdafolket villig sin tørn og gjorde det meste ferdig før haustregnet kom. Eit års tid etter kan dei drivande leiarane, først og fremst May Britt Johnsen og Gunda Jorid Bele, glede seg saman med kyrkjefolket over fullført dugnad og ei vakker kyrkje.
Og Tilkomstservice ser fram mot nye oppdrag.
Innsendt av Bernt Bøe.
Høgt og trygt heng Anders Børset og legg siste strøk på kyrkjeveggen.
Det var andre forhold i 1931, da Ludvig Bævre (til venstre) og Magnus Aasgård reparerte det same kyrkjetårnet!
Åsgeir Frydenlund leier firmaet som spesialiserer seg på jobbar som «heng høgt».