Heimlund Apollo

Bøfjord-helga:

Festleg bygdedag

Etter fint Kveldheim-treff og Sivertsen-konsert fredag heldt Bøfjordhelga fram med sjølve bygdedagen. Det vart ein innhaldsrik laurdag med alt frå fellesfrukost til bil-nostalgi og barnefotball.

Over: Asbjørn Heimlund med sin Apollo. Kva kan måle seg med ein 1910-modell, som endatil kan kjørast?

Eit spandabelt Coop Marked hadde innpå eit halvt hundre gjester til gratis og velsmakande frukost laurdag morgon. Deretter var det folksamt på Gammelskulen, der Elisif Sæthervik og staben hennar heldt loppemarked.

 

Apollo 1910 og velbruka hestvogn

Hovudarena for bygdedagen var Bøfjorden Grendahus – med utstillingar, servering, basar, fotball og kulturprogram. Det blenkte i gamle bilar – aller mest kanskje i Asbjørn Heimlunds 108 år gamle Apollo. Denne skapte eineståande stemning da den kom kjørande til gards – og det for eiga maskin!

Inntrykk gjorde også «Fosnabåten» frå Heggem – ein prektig 140 år gammel geitbåt bygd av sjølvaste «Ola Sakså». Elles kunne du mellom mykje anna sjå traktorar, dollarglis, gardsmotor frå mellomkrigstida og ei velbruka hestvogn frå Olastua. – Her manglar berre hesten, lydde ein kommentar til denne.

 

Kunsthandverk og biletsamling

Inne møtte du ei imponerande samling av kunst, husflid og lokal litteratur forutan eit galleri av historiske foto. Her kunnea du også nyte rømmegraut og kaffe. Og ved basarbordet sat sedlane laust – det vart god inntekt til kyrkjebåten «Hjelmkonnå» og det tilhørande naustet.

På fotballbanen imponerte 8-åringane frå Søya og Bøfjord/Bæverfjord med festleg fotball og stor innsats. Kven som fekk flest mål, spelar mindre rolle - her var alle vinnarar!

 

Tango, mannskor og allsong

Laurdagen vart avslutta med konsert. Her spela Peder Hønsvik og hans Tangotrio. Mellom smektande melodiar stod ein litt opprørsk Piazzolla-tango fram som høgdepunkt. Mannskoret frå Prosjekt 17 song seg både til sjøs og til lands, med friske shanties, vemodige viser og frodig humor. Allsongen med «Minnenes melodi» og «Vandringsmenn synger» tona godt i salen – folk likar framleis å synge sjøl. Einaste saknet var kanskje at programleiaren glømte «Bøfjordsongen»!

Trekninga etter basaren skapte også god stemning – og mange smilandea vinnarar gjekk berika heim.

180908 a Frkost GuBøkB kanne Geir H påser.jpg

Felles frukost på ein vakker haustmorgon. Gunhild Bøklep Bøe skjenkjer kaffe, og vert Geir Hovde (i raud skjorte) passar på at alle får mat og drikke.

180908 b Loppis IngriKrS Vekt.jpg

Ingrid Kristine Sollid har sikra seg ein flott «loppis». No blir det å vega sakene på gullvekt!

180908 e Motor Førkrigs AV BBkl OddmGr bak.jpg

Anders Vaagland (i lys skjorte) stilte med ein Bernard-motor frå mellomkrigstida. – Den vart bruka til ymse landbruksoppdrag, forklarte Anders. – Den drog både høyvogn, kappsag og trøskverk! Oddmund Gravvold og Bernhard Bøklep (t.h.) viser stor interesse for klenodiet.

180908 f Vogn Olastua.jpg

Dei yngste har vel knapt sett ei slik ei? Denne er frå Olastua på Bø.

 

180908 g Fotball.jpg

 

Spennande fotballkamp mellom 8-åringane. Her har Søya innkast.

180908 i Hønsviks Trio.jpg

Peder Hønsvik (t.v.) stilte med Tangotrio på bygdedagen. Ved keybordet sit Alexey Kurbanov, og fløytist er Åsta Andreassen.

 

Tekst og foto: Bernt G. Bøe