Fikk medhold i fylkeslandbruksstyret
Jette Estensvoll og Vidar Fjeld har søkt Rindal kommune om frådeling av det som er registrert som seterhuset på eigedomen, gnr. 72 bnr. 3 i Rindal kommune. Seterhuset ligg på det som heiter Aunbakksetra, mellom Foldsjøen og Gråsjøen i Folldalen. Kommunen avslo frådeling. No har klage til Fylkesmannen ført fram.
Eigedomen består av 6 teigar frå bygda og opp til Gråsjøen. Eigedomen har eit samla areal på 2610 dekar (Gardskart) der i overkant av 120 dekar er innmark og beite og i overkant av 1200 dekar produktiv skog der over 500 dekar står på låg bonitet. Resten av arealet er rekna som uproduktivt utmarksareal.
Det vert drive mjølkeproduksjon på bruket.
Det vert ikkje drive setring på bruket, seterhuset har i lang tid vore brukt som hytte og setervollen vert ikkje heldt i hevd.
Det vert drive mjølkeproduksjon på bruket.
Det vert ikkje drive setring på bruket, seterhuset har i lang tid vore brukt som hytte og setervollen vert ikkje heldt i hevd.
Fylkeslandbruksstyret gjorde nylig dette vedtaket:
Klagen på vedtaket om frådeling av inntil 1 dekar tomt med påståande seterhus på Aunbakksetra, gnr. 72 bnr. 3, i Rindal kommune (saksnr. 29/09) vert tatt til følgje. Fylkeslandbruksstyret i Møre og Romsdal syner til jordlova § 12 og gir samtykke til frådeling som omsøkt.
Vedtaket er endeleg, og kan ikkje påklagast vidare.
Vedtaket er endeleg, og kan ikkje påklagast vidare.
Ved å ta opp vedlegget finn du heile saksutgreiinga og vedtaket i fylkeslandbruksstyret.
| Vedtak i fylkeslandbruksstyret.pdf |

.png)

