Fin dag i felten
Skyttarlaga Rindal, Lomundal og Øvre Surnadal arrangerte denne søndagen Rindalsfelten, eit dobbeltstemne, 4. og 5. stemne i Dovrefjellcupen. Stemneområdet var rundt Granheim i Romundstadbygda, Rindal.
Rundt 70 frivillige funksjonærar var i sving for å avvikle arrangementet, og Ledar i Rindal skyttarlag, Even Langli, rosa alle dei som var villige til å stille opp. Han var også raus i omtalen av velviljen hos gunneigarane og lokalbefolkninga i stemneområdet. Det verka som alt gjekk knirkefritt!
Resultater for DC 4 Øvre Surnadal/Lomundal
Resultater for DC-5 Rindalsfelten
Trollheimsporten valde å følgje to lokale skyttarar rundt grovfeltløypa denne dagen. Programmet for Grovfelten ser du nedafor.
Forklaring av figurane ser du nedafor.
Vi møtte John Nordvik (ståande t.v.) og Sigbjørn Hausberg frå Surnadal skyttarlag i Gramheim der dei førebudde seg til stemnet
Veska måtte pakkast, - ein måtte ha nok patronar med.
Bussen kjører deltakarane ut til første standplass. Derifrå går dei frå standplass til standplass, i alt 10 standplassar sidan det er dobbelstemne, tilbake til Granheim.
Klargjering på første standplass.
Pilane viser blinkane som er 443 og 464 m unna på andre sida av Rinna.
Etter skytinga er våpenet klart til inspeksjon.
Eksempel på blink og anvisning: Denne har 6 blink, 5 i innerblinken, angitt som 6/5. Dei fekk også anvist kvar på skiva treffa var.
Anvisning av første målet, som pilen peikar på. John og Sigbjørn var ikkje fornøgde med denne runden. Dårleg start. Antyda at dei hadde nervar på grunn av fotografen ...
Resultat John: 1/0 og Sigbjørn: 3/0.
Sigbjørn Hausberg
John Nordvik
Kvart lag var på 10 skyttarar.
Anvisning. Resultat 6/1 og 6/5, og da var karane våre meir nøgde.
Så var det å ta landevegen fatt til neste standplass. Skyttarane tykte det var godt å gå varme i kroppen dette stykket, sjølv om temperaturen var fin. Dei hadde jo vore rolege på standplass, og det tok ei tid å skyte på to mål.
Neste standplass hadde ein liten blink på 10x30 cm, sjå (?) ved pila nedafor, og avstanden var ukjent.
Pila viser blinken.
Ny anvisning: Resultat: 6/1 og 6/3.
Nytt dobbelthold: kne og liggande. Pilane peikar på blinkane.
6/1 og 6/3
Liggande på 284 m: 6/0 og 6/3.
Dermed var første stemnedel ferdig, DC-4. John Nordvik hadde 25 blink med 3 inner. Sigbjørn Hausberg hadde 27 blink med 14 inner.
Rindalsfelten DC-5 starta ved nyfjøset på Kattem. Langt oppe i lia på andre sida av Rinna ser vi første målet!
Kneståande mot mål med ukjent avstand.
Resultat: 6/3 og 6/2.
Andre holdet var mot "Minismåen", liggande, avstand: 118 m.
Krutrøken dreiv frå karane på standplassen!
Dei mest miljøbevisste anvisarane brukte truger og ski i staden for snøskuter!
Resultatet for karane våre vart 6/5 og 6/4. Bra!
Neste mål var 169 m unna og 13x40 cm stort!
John og Sigbjørn er spente på resultatet.
John 6/4 og Sigbjørn 6/1.
Karane stiller seg på siste standplass litt utafor vegkanten, og måla ser du ved pilane, kne 338 m og liggande 280 m unna.
Siste våpeninspeksjon.
Alle tomhylsene vart plukka opp og blir lada opp igjen, halve prisen, gjenbruk lønner seg!
Anvisning for begge hold gav 6/4 og 6/2 for knestående og 6-2 og 6-3 for liggende.
Resultat Rindalsfelten DC-5: John 30 blink, 18 inner og Sigbjørn 30 blink og 11 inner.
Det var karane godt fornøgde med!
På veg mot Granheim møtte dei to kjente, Jon Oren og Jarle Foss som tykte det lova godt for desse yngre skyttarane, men dei ville ikkje kalle det skryt.
Så blide går det an å vere etter ein runde med feltskyting, meste 3 km lang og to gonger 5 skytingar, 120 skott, 112 blink og 46 inner tilsaman!
John Nordvik kan smile ekstra breidt, for han toppar resultatlista for Rindalsfelten DC-5 med 30 blinkar og 18 inner! Gratulerer!
Takk for innsatsen! og følgjet!
Her poserer Sigbjørn Hausberg og John Nordvik saman med unge skyttarar frå Surnadal skyttarlag.