Picasa

Fin fellesgudsteneste i Stangvik

1.pinsedag er det tradisjon at kyrkjelydane i Rindal og Surnadal samlast til felles gudsteneste i Stangvik, og no er også Halsa med på dette opplegget. Dei fleste kom landevegen, men det var også nokon som kom sjøvegen, som også er tradisjon i Stangvik.

I år var det ei spesiell pinsegudsteneste, sa gudstenesteleiaren Leif Endre Grutle, som er fungerande prost i Indre Nordmøre prosti. Sist mandag gjekk Den Norske Kyrkja over frå å vere Statskyrkje til å verte ei Folkekyrkje. (Les meir om det på  Trollheimsporten her!)  1.pinsedag er kalla kyrkjas fødselsdag. Grunnlovsendringa mandag gir nytt innhald i dette uttrykket. Pinsedag er også den store dåpsdagen, og i Stangvikkyrkja vart to gutar bore fram til dåp i dag. 

Klikk på bilda nedafor og så dei større og som bildeserie!

1-IMGP6998
Inngangsprosesjon
1-IMGP7001
1-IMGP7005
Dåpsbarn
1-IMGP7007
Dåpsbarn
1-IMGP7008
Nattverdkø!
1-IMGP7019
Nordvikbåten på veg heim