Fin kyrkjekonsert med dikt og jazz
Forfattaren Edvard Hoem sto i sentrum med opplesing av dikt og forteljingar i Stangvik kyrkje søndag. Dottera Ine Kristine Hoem og John Pål Inderberg trio skapte ei fin ramme rundt med jazzmusikk og song.
Stangvik kyrkje var nesten fullsett da Vårsøghelga inviterte til "Sommarvind"-konsert med Edvard Hoem og fengande jazzrytmer.
Ine Kristine Hoem er dotter til Edvard Hoem. Ho er jazzsongar og har gjeve ut fleire plater.
John Pål Inderberg Trio består av Håkon Mjåset Johansen på slagverk, Trygve Waldemar Fiske på bass og John Pål Inderberg på saksofon. Inderberg er kjent for leiken musikalitet, spontanitet og humor, og det viste han og i Stangvik-kyrkja.
John Pål Inderberg på runde rundt i kyrkja med barytonsaksofon.
Innslaga var jazzmusikk og song, fletta saman med historieforteljing og opplesing av Edvard Hoem. Han fortalte historier om eigne opplevingar og las dikt og utdrag frå romanane sine om slektningar som utvandra til Amerika.
Edvard Hoem
Ine Kristine Hoem song mellom anna "Kveldssalme", med tekst av Edvard Hoem og melodi av Henning Sommerro.
Ine Kristine Hoem.
Ensemblet vart klappa fram til ekstranummer, og publikum kvitterte til slutt med ståande applaus.