DSC_0760

Praktisk prosjekt om bærekraft:

Finn overraskande mykje søppel

Denne veka gjennomfører 8. trinn ved Surnadal ungdomsskule eit nytt tverrfagleg prosjekt som dei har kalla «Bærekraft i mitt lokalsamfunn». Plogging, altså kombinert jogging og plukking av søppel, er ein av aktivitetane som alle elevane får prøve seg på. Og dei har plukka store mengder søppel!

Eva Sæterbø, som er kontaktlærar ved 8. trinn, fortel at dette prosjektet er utvikla ved Surnadal ungdomsskule, og at dei har fokus på praktisk læring heile veka. Det er det mange av elevane som set pris på. Måndag fekk alle elvane på trinnet omvisning på gjenvinningsstasjonen til Hamos, og dei og rydda stranda ved Syltøran. Elevane fortel at dei var overraska over kor mykje plast og anna søppel dei fann på stranda. 

Tysdag, onsdag og torsdag denne veka er elevane delt inn i fire grupper. Dei arbeider på uilke på ulike stasjonar i plogging, lage basse, sy handlenett og lage mat av varer som snart går ut på dato.

Fredag skal elevane presentere det dei har gjort på skulen i løpet av veka, og dei skal vise kva dei gjer for ein bærekraftig kvardag heime. Eva Sæterbø seier at bevisstgjering kanskje er det aller viktigaste med dette prosjektet, og ho håpar at skulen kan gjennomføre noko liknande neste år og.

IMG_20190506_094621536_HDR (1).jpg
Måndag var elevane ute og plukka søppel i fjæra. (Foto: SUS)

IMG_20190506_103758648_HDR (1).jpg
Dei fann mykje plast og anna søppel på standa. (Foto: SUS)

IMG_20190506_111025434_HDR (1).jpg
Det mest overraskande var den store mengden av plast. (Foto: SUS)

IMG_20190506_105606928_HDR (1).jpg
(Foto: SUS)


Handlenett med miljøbudskap

Trollheimsporten var innom ungdomsskulen på onsdag, for å sjå kva gruppearbeidet gjekk ut på. Den eine gruppa var i gang med å sy eigne handlenett, som skulle dekorerast med eit miljøbudskap. 

DSC_0723.jpg
Det er morosamt å gjere noko som er litt annleis enn ein vanleg skuledag, synest elevane.

DSC_0713.jpg
Handlenett som vart laga på tysdag.


Reduserer matsvinn

På skulekjøkkenet var det full aktivitet med matlaging. Elevane hadde vore innom alle daglegvarebutikkane i sentrum og fått kjøttvarer, mjølk og grønsaker som var i ferd med å gå ut på dato, og som elles hadde vorte kasta. Ein kan fint bruke det meste av maten, eventuelt berre skjære bort det som er dårleg. Elevane fekk velge mellom mange ulike oppskrifter, og laga det de hadde mest lyst på. Dei hadde valt pølesgrateng, cæsarsalat, fruktsalat og smoothie. Elevane syntest det var morosamt med ei slik utfordring.

Det var og viktig å sortere søppelet rett under matlaginga.

DSC_0731.jpg
Her lagar dei pølsegrateng.

DSC_0733.jpg
Her skal det bli cæsarsalat.


Lærer å spele "basse"

Ein "basse" er ei leike laga av sykkelslangar. Det er ein fin måte å gjenbruke gamle sykkelslangar på. Å sparke basse er ein gamal leik som har vorte henta fram att i nyare tid. Dersom nokon vil vite meir om å spele basse så er det berre å google. Vi finn mellom anna "Forening for Bassens Fremme" - basse.no.

DSC_0743.jpg
Her har elevane laga kvar sin basse av sykkelslangar.

DSC_0745.jpg
Ingen av elevane hadde prøvd dette før.

DSC_0756.jpg
Basse krev litt trening før ein meistrar det.


Plogging

Den siste gruppa var ute på plogging, altså kombinert jogging og plukking av søppel. Gruppa tok for seg på eit område i sentrum, og plukka søppel eit par timar. Det gav resultat.  Dei fann overraskande mykje søppel, og måtte ha ny forsyning av hanskar og søppelsekkar.

DSC_0763.jpg
Plogging på Skei. 

DSC_0760_690x475.jpg
Stor "fangst" etter første runde. Dei fann til og med ein reise-TV!