firekarar_1024x683

"Finnguten" samla 150

Den som trur at eit kulturarrangement må vera midt på Skei for å trekkje folk, tek skammeleg feil. Det er ettertrykkeleg bevist etter at kring 150 personar møtte fram til premiere på filmen om "Finnguten" i Bæverhall torsdag kveld. Primus motor for arrangementet, Eistein Bæverfjord, måtte mest gni seg i augo over alle dei frammøtte i det som han karakteriserte som "den absolutte utkant".

Sentrale karar på filmpremieren: Frå venstre Odd Trodal, Olav Jostein Holten, Tor Holten og Eistein Bæverfjord. Her med komsa vesle Sara låg i da familien Rutfjell kom til våre trakter.

Det var Olav Jostein Holten som på vegne av styret for Bæverhall ønskte alle dei frammøtte velkomne. Han konstaterte at det nok måtte ha vore fleire enn han som hadde gledd seg på denne filmen, for aldri tidlegare har det vore så mykje folk samla i Bæverhall. Kring 150 personar, dei fleste vaksne, men også ein del barn, fylte salen fullstendig. Mange av dei som var til stades, var bygdafolk, men det var også mange frå andre stader i Surnadal og kringliggande kommunar. 

Årsakene til suksessen kan vera mange. Ei kan vera at Eistein Bæverfjord med åra har opparbeidd seg ryet å vera ein dyktig filmskapar. Mange vil hyre han til filmoppdrag, og forventningane til nye filmar har etter kvart vorte store. Det har lenge vore kjent at ein film om "Finnguten" har vore i vente. Olav Jostein Holten kan nok derfor ha mykje rett i at dette er ein etterlengta film. Det var truleg dessutan eit lurt trekk å leggje premieren til "den absolutte utkant", ettersom dette mest er midt i Finnguten sitt eige rike. I desse fjella levde han, dit ned i bygda kom han. Derifrå forsvann han også. Det er kanskje ei tredje årsak til at historia om Finnguten fengslar. Ei historie som gir alle svara, er ikkje så spennande. Når forklaringane er mange, men svara er få, kan mytene begynne å leva.

Vi som var til stades i Bæverhall fekk da likevel nokre fakta. Mange av dei var det Tor Holten som presenterte i kåseriet sitt om samane i Hardbakkfjella. Torkjell Jonasson Rutfjell og kona Sigrid hadde truleg oppimot 1500 rein i området, og dei hadde tre barn. Den yngste av desse, dottera Sara, var født i Hemne, men var enno så lita at ho låg i komsa da familien kom til våre trakter. Denne hadde Odd Trodal, den eine av dei to karane som deltok i filmen, med seg til premieren. Sjølv om komsa var prega av alderen og mellom anna hadde vore bruka til aking (!), var ho framleis eit klenodium. Torkjell Jonasson Rutfjell var elles ein markant person som også praktiserte som emissær rundt om i bygdene. Dei seiest også om Finnguten at han var sterkt religiøs. Andaktsboka som han hadde med seg, og som er nemnt i visa om han, finst den dag i dag. Elles drøfta Tor Holten fleire teoriar om kven Finnguten eigentleg var. Han kunne ha vore dreng hos Sigrid oppi Hardbakkå, men det er heller ikkje utenkjeleg at det kunne ha vore ein av dei to sønene i Rutfjellfamilien. Det er nemleg usikkert kor historisk korrekt diktet til Jørgen Gravvold er, og ein veit ikkje i dag heilt sikkert om Finnguten verkeleg døydde etter å ha vore nede i bygda og fått pleie på Myrholtgjeret. Det har aldri vore funne restar etter han, så det er jo muleg at han overlevde sjukdommen.

 Olav Jostein Holten meinte historia om sørsamane som var her i traktene på slutten av 1800-talet, var ei historie det er verdt å ta vare på. På frammøtet å dømme var fleire eininge med han i det. Han har truleg kanskje også rett i at det er Jørgen Gravvold sitt dikt som har halde liv i forteljinga om Finnguten fram til i dag. Utan Jørgen Gravvold sitt dikt var det ikkje sikkert at det hadde blitt noko av denne filmen, meinte han. No får derimot dikt og film saman bera historia om Finnguten inn i framtida.

Den lokale songgruppa Geysir stod for dei musikalske innslaga på filmpremieren.

Fullt med folk og god stemning under kaffepausen i Bæverhall.

Tor Holten heldt eit interessant foredrag om samane i Bæverdalsfjella på slutten av 1800-talet.