Teft og tykkje 2012 a Gunnv og Bernt_700x532

Fiskemiddag og dialekt på museet

Med ny utgåve av heftet «Teft og tykkje» inviterer Bøfjorden Historielag til variert dialektprogram – og fiskemiddag - på sjøbruksmuseet søndag.

Interessa for «Teft og tykkje» har i årevis bekrefta sansen for dialekt blant folk. Søndag presenterer laget nytt, utvida hefte med over 1300 gamle ord og uttrykk frå Bøfjorden og nabobygdene. Under lanseringa blir det stor dialektkonkurranse – «haubrott» - for publikum. Med Randi Bøe som sjefskokk duftar det bøfjordsk fiskemiddag - steikt sei med tilbehør - frå kjøkenluka. Fisken er levert av museets faste leverandør – Kåre Bøklepp. Uttrykk frå båtsbygging og robåtar – «urvå», «melå», «keipnevet», osv. - er eigen bolk på programmet. Like eins gamle utnamn på nordmørske farty – som «Bergulen», «Bussin» og «Kromkakå». Dette tek Gunnvald Bøe seg av. Hans Hyldbakks «Ei haustferd på Nordmøre» startar som føljetong – med opplesing kvar søndag framover. Boka er dessverre utselt, men på denne måten får ein del i Kleivakongens uforliknelege folkelivs- og kulturskildring frå hans tid som tekstil-agent rundt 1930.

 

Museets fiskemiddag har slått an også før. Her har Jorunn Dragset sikra seg ein porsjon for eit par år sia.

 

 

2012-utgåva av «Teft og tykkje» er utvida til over 1300 lokale ord og uttrykk, seier Gunnvald og Bernt Bøe, som har laga heftet.

 

Tekst/foto: Bernt G. Bøe