Fjellgarden i Trollheimen - premierefest på Kårvatn

Dei siste to åra er det gjort opptak av ein barneTV-serie på Kårvatn. Endeleg er det klart for premiere på "Fjellgarden i Trollheimen" på NRK1 den 4. september. Produsentselskapet TMM Produksjon slår på stortromma og arrangerer
premierefest førstkomande laurdag.

Det skjer på Kårvatn, og Gudmund Kårvatn fortel at det skal settast opp to store lavoar som skal romme 300 personar i den anledning.
Det er først og fremst et arrangement for barna, og det vil bli underhaldning av forskjellig slag. TMM Produksjon vil vise smakebitar av filmproduksjonen som er gjort. I tillegg kjem komponisten av musikken til filmserien, Tony Waade og sangerinnen Oline Rørstad Bredeli. THE BATTERY kommer for å ha opptreden, og elles vil det bli fleire lokale undehaldningskrefter.
- Premierefesta startar klokka 18 laurdag, etter at fotballcupen på Søyabanen er ferdig. Da håpar vi at mange har høve til å vere med oss, seier Gudmund Kårvatn til Todalen.no. Han understrekar at arrangementet har gratis adgang for alle. Vi kjem med meir info på Todalen.no etter kvart så det er berre å følg med!
Driva på nett har dette på barneTV fra Kårvatn.

Opptaka til "Fjellgarden i Trollheimen" er gjort på Kårvatn og området rundt omkring. Til venstre ligg den nye låven, der det skal bli butikk og lagerhotell. Ein del av bygget er allereie teke i bruk. Under premierefesta vil det bli sett opp 2 store lavvoar som skal romme minst 300 personar ved den nye låven.

Frå opptaka som starta i 2007. I løpet av 2 år har det vore nærare hundre dager med filmopptak på Kårvatn og i Todalen. Det er laga 12 episodar som skal sendast på NRK1s barneTV utover hausten.
 
Tekst og foto: Jon Olav Ørsal